Raude Stjerne Beograd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Fudbalski klub Crvena zvezda, i Noreg kjend som Raude Stjerne, er ein fotballklubb i Beograd i Serbia stifta 4. mars 1945. Fotballklubben utgjer største avdelinga av Sportsforeininga Raude Stjerne. Klubben er den mest sigerrike i fotball i Serbia, med 25 seriemeisterskap i Serbia og tidlegare Jugoslavia, samt 24 nasjonale cupmeisterskap i same rika.

Raude Stjerne er den einaste fotballklubben i Serbia som har vunne Europacupen, då laget i 1991 sigra over Olympique Marseille etter straffeskyting i ein mållaus kamp. Tolv år tidlegare nådde Raude Stjerne finalane i UEFA-cupen, men måtte då sjå seg slått av Borussia Mönchengladbach. Laget spelar heimekampane på Raude Stjerne stadion, med plass til vel 55 500 tilskodarar. Draktfargane er raud- og kvitstripete trøyer med raude bukser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]