Raudkål
| Raudkål | |
Raudkål | |
| Systematikk | |
| Rike: | Plantar Plantae |
| Orden: | Brassicales |
| Familie: | Brassicaceae |
| Slekt: | Brassica |
| Art: | Raudkål B. oleracea |
| Vitskapleg namn | |
| Brassica oleracea | |
Raudkål er ei form for hovudkål der blada er raudlege eller lilla på farge. Eit vitskapleg namn som blir bruka på varieteten er Brassica oleracea capitata rubra.[1]
Blada får fargen sin frå antocyanin, som raudkål inneheld meir av enn andre kåltypar. Graden av pigment varierer med pH-verdien i jorda kålet veks i.[2] I sur jord blir blada meir raudlege, i nøytrale blir dei meir lilla, medan i basisk jord blir kålet meir grøn-gult på farge. Safta frå kålet kan brukast som ein heimelaga pH-indikator som blir raud i sure og grøn-gul i basiske løysingar. Bladnervene og stilken til raudkål er kvite på farge.[3]
Kåltypen har ein mild smak. Ein kan eta rå finskore bitar i salat, koka, dampa, steika eller stua det. Kålet kan også fyllast eller syltast. Det passar godt til å laga surkål. [3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «raudkål» i Nynorskordboka.
- ↑ «Where does the color come from in purple cabbage?». HowStuffWorks (på engelsk). 2000-08-07. Henta 2019-03-14.
- 1 2 «Rødkål», www.frukt.no (på norsk bokmål), henta 2019-04-03
- Delar av denne artikkelen bygger på «Red cabbage» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Kategori:Brassica oleracea var. capitata f. rubra – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons