Raudkroneparakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raudkroneparakitt
Raudkroneparakitt Foto: Sid Mosdell
Raudkroneparakitt
Foto: Sid Mosdell
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Psittacinae
Slekt: Cyanoramphus
Art: Raudkroneparakitt C. novaezelandiae
Vitskapleg namn
Cyanoramphus novaezelandiae

Raudkroneparakitt, Cyanoramphus novaezelandiae, er ein langhala og hovudsakleg grøn parakitt som er stadeigen til New Zealand og kan først og fremst treffast på Stewart Island/Rakiura og på predatorfrie småøyar ved hovudøyane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Raudkroneparakitt er ein liten til mellomstor parakittart, hannfuglar ca. 28 centimeter i lengd og med kroppssvekt på 50 gram, og hofuglar 25 cm og 40 g. Fjørdrakta er klår grøngul med raud panne, raud band frå nebb og eit stykke bak auga, samt ein raud flekk på undergumpen. Halen er relativt lang.

Desse fuglane er utrydda på hovudøyane[1] eller svært sjeldan observert på Sørøya, på Nordøya fåtalig i fjellrekkja Ruahine Range og i Northland og nokre få andre stader,[2] men han er vanleg på Stewart Island og på mange andre mindre øyar. Det finst ein underart på Chatham-øyane og ein annan på Kermadec Islands.

Raudkroneparakitten finn føde oppe i trekroner og nede på bakken, dietten består av frø og frukt, dei et òg anna plantekost som blomar, planteskot, nektar og animalsk føde som virvellause dyr og daude dyr.

Dette er standfuglar som kan flytte seg mellom øyar, dei lever parvis eller einslege, om vinteren òg i små flokkar. Paret hekkar i hòle tre, i fjellsprekker eller hòler i bakken eller mykje tett vegetasjon. Kulla er store, rundt 7 egg som blir klekt etter ca. 23 dagar. Hoa rugar aleine, men hannfuglen tar del i å skaffe føde til hoa under ruginga og til ungane.

Arten har status som sårbar, og bestanden er estimert til 21 300-25 300 i individ (1999), og er trudd å vere minkande.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 BirdLife International 2012
  2. Heather og Robertson, 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raudkroneparakitt