Raudpandaer
Raudpandaer | |
Raudpanda (Ailurus fulgens) | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av raudpandaer | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Hundeliknande rovpattedyr |
Infraorden: | Arctoidea |
Overfamilie: | Musteloidea |
Familie: | Raudpandaer Raudpandafamilien Gray, 1843 |
Raudpandaer[1] (Ailurus), også kalla små pandaer eller kattebjørnar, er ei pattedyrslekt som høyrer heime i den austlege delen av Himalaya og sørvest i Kina. Dei lever hovudsakleg av bambus. Opphavleg vart berre éin art tilskriven slekta Ailurus, nemleg Ailurus fulgens. Molekylærgenetiske studiar frå 2020 viser likevel at underarten styans bør reknast som ein eigen art (no Ailurus styani), og slekta består dermed av to artar. Trass i tidlegare antakingar om at raudpanda og stor panda begge var ein del av halvbjørnfamilien[2] er ikkje raudpandaer nært nærståande med stor panda (Ailuropoda melanoleuca).
Sidan 2008 har raudpandaene vore oppførte som sårbare (VU) på den globale raudlista over trua artar. Det blir anslått at det finst færre enn 10 000 vaksne individ i vill tilstand.[3]
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Raudpandaer er omtrent 120 cm lange medrekna halen, 55 til 60 cm. Skulderhøgda er 28 cm. Hannene veg rundt 4,5 til 6 kg, medan hoene veg cirka 4 til 4,5 kg. I fangenskap lever dei i gjennomsnitt 8 til 10 år, i sjeldne tilfelle opptil 14 til 16 år. Begge kjønn kan forplante seg til dei er minst 12 år gamle.
Dei liknar vaskebjørn i kroppsbygging, men er slankare. Pelsen er lang og mjuk, raudbrun til koparraud på oversida, nokre gonger med eit gulaktig skjer, og svart på undersida. Ansiktet varierer individuelt i farge, men er hovudsakleg raudbrunt med kvite «tårestriper». Snuten er kort, med ein naken, svart nasetipp. Hovudet er rundt, øra er mellomstore og spisse, og auga er mørke. Halen er buskete, med seks ringar som vekslar mellom gulraud og okerfarga, men han har ikkje gripeevne. Den blir brukt til å balansere i trea, og når dei er på bakken, ber dei den horisontalt. Beina er korte, svarte og bjørneliknande. Raudpandaer går på heile fotsolen. Dei sterke potane peikar innover, noko som gjer det lettare å bevege seg på smale greiner. Potane er dekte med tett, kvitt hår som gir godt grep, spesielt på fuktige greiner, og fungerer som varmeisolasjon på snø eller is. Tærne har bua, skarpe, delvis inntrekkberre klør. Til liks med stor panda har dei ein forlengd handleddsknokkel som fungerer som ein «falsk tommel» og hjelper dei med å gripe frukt. Den raudbrune pelsen deira fungerer som effektiv kamuflasje blant mose og lav på trea.
Raudpandaer lagar sjeldan lydar, men kan kvitre, klynke eller pipe for å kommunisere.
Tennene er uvanleg sterke samanlikna med andre små bjørnar.
Utbreiing og habitat
[endre | endre wikiteksten]Raudpandaer finst i Nepal, Bhutan og India (Arunachal Pradesh og Sikkim), i nordlege Myanmar, sør i Kina (spesielt Hengduan-fjella) og søraust i Tibet (områda Mêdog og Zayü). Dei lever i skråningar i Himalaya i høgder frå 1500 til 4000 meter. Utbreiinga deira strekkjer seg sør til Yunnan og aust til Sichuan. Dei lever i blandingsskog med tett undervegetasjon, spesielt bambustjukningar. Den vestlege grensa for utbreiinga deira er i Rara nasjonalpark i Nepal.
Utbreiing og artar
[endre | endre wikiteksten]I 2020 tilrådde ei gruppe kinesiske forskarar at Ailurus f. styani skulle klassifiserast som ein eigen art. Dei to artane skilde seg frå kvarandre for omtrent 220 000 år sidan på grunn av isbrear under siste istid og kan skilje seg både genetisk, morfologisk og i farge.
Det finst to nolevande artar:
- Raudpanda (Ailurus fulgens) lever i den vestlege delen av utbreiingsområdet, inkludert Nepal, Assam, Sikkim og Bhutan.
- Utan norsk namn (Ailurus styani) lever i den nordaustlege delen av området, i sørlege Kina og nordlege Myanmar.
Det er også rapportar om ein liten panda-populasjon i fjella i den indiske delstaten Meghalaya, der klimaet er tropisk.
Åtferd
[endre | endre wikiteksten]Raudpandaer er svært dyktige klatrarar. Dei er mest aktive om kvelden og natta, og søv på dagtid i tre eller i hòler, der dei rullar seg saman med halen over ansiktet for vern. Dei toler ikkje høge temperaturar godt, og over 25 °C kan vere svært plagsamt for dei.
Dei markerer territoriet sitt med moskusluktande sekret frå analkjertlene og urin. Dei er generelt fredelege, men kan forsvare seg viss dei kjenner seg trua ved å reise seg på bakbeina for å verke større og angripe med skarpe klør.
Kosthold
[endre | endre wikiteksten]Raudpandaer er hovudsakleg planteetarar. Dei lever hovudsakleg av bambusskot, men også røter, gras, frukt og bær. Nokre gonger fangar dei små insekt, smågnagarar eller fuglar. Når dei drikk vatn, bruker dei ein unik metode der dei dyppar poten i vatnet og sleikjer han av.
Reproduksjon
[endre | endre wikiteksten]Raudpandaer lever for det meste einslege, bortsett frå under paringstida, som er frå slutten av desember til midten av februar. Drektigheitsperioden varer i 120 til 140 dagar. Hoa samlar reirmateriale før fødselen, som skjer mellom mai og juli, og gir vanlegvis éin til fire ungar som er blinde ved fødselen. Ungane byrjar å ete fast føde etter fem månader, og blir sjølvstendige før neste paringssesong.
Raudpandaer blir kjønnsmodne ved rundt 18 månader.
Snøleoparden er den vanlegaste predatoren på raudpandaer.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kleine Pandas» frå Wikipedia på tysk, den 13. oktober 2024. Artikkelen gav følgjande kjelder:
- K. Conway: Supplemental feeding of maternally reared Red pandas. In: International Zoo Yearbook. 21(1), 1981, S. 236–240.
- A. R. Glatston: Red Panda Biology. SPB, Den Haag 1989, ISBN 90-5103-026-6.
- Miles S. Roberts und John L. Gittleman: Aliurus fulgens. In: Mammalian Species 222, 1984, S. 1–8. ISSN 0076-3519, (Online als PDF; 340 kB).
- F. W. Wei, Z. W. Wang, Z. J. Feng, M. Li, A. Zhou: Seasonal energy utilization in bamboo by the red panda (Ailurus fulgens). In: Zoo Biology. 19, 2000 S. 27–33.
- F. Wei & Z. Zhang: Family Ailuridae (Red Panda) in Don E. Wilson, Russell A. Mittermeier: Handbook of the Mammals of the World – Volume 1 Carnivores. Lynx Editions, 2009, ISBN 978-84-96553-49-1. S. 498–503.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 «rødpanda» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Verdens dyr. Oslo: Den norske Bokklubben. 1985. s. 106. ISBN 8252519040.
- ↑ Glatston, A.; Wei, F.; Than Zaw; Sherpa, A. (2015). «Ailurus fulgens». IUCN Red List of Threatened Species 2015: e.T714A110023718. Henta 13. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) raudpandaer i Encyclopedia of Life
- (en) raudpandaer i Global Biodiversity Information Facility
- (en) raudpandaer hos Fossilworks
- (en) raudpandaer hos ITIS
- (en) raudpandaer hos NCBI
- (en) Kategori:Ailuridae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Ailuridae – detaljert informasjon på Wikispecies