Raudrev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raudrev
Raudrev (Vulpes vulpes)
Raudrev (Vulpes vulpes)
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]      innfødd       introdusert       uviss utbreiing
      innfødd
      introdusert
      uviss utbreiing
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Hundefamilien Canidae
Slekt: Vulpes
Art: Raudrev V. vulpes
Vitskapleg namn
Vulpes vulpes

Raudrev (Vulpes vulpes) er det mest vanlege rovdyret i reveslekta. Han er utbreidd over store delar av Nord-Amerika og Eurasia, men er lite representert i Afrika. Han finst også i Australia, men ikkje naturleg. Ei rekkje underartar er skildra, men systematikken er svært uklår i augneblinken. Generelt deler ein derfor raudreven inn i fargevariantane vanleg raudrev, krossrev og sølvrev.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sølvrev (oppdrettsdyr)

Raudrevarten har tre fargevariantar, som skildra nedanfor. Vekta ligg normalt i området 3–10 kg og kroppslengda er som regel mellom 83–110 cm, målt frå nasetipp til halerot. Han er langbeint og hurtig, og kan nå ein toppfart på nærmare 50 km/t. Revar i varme strøk er gjerne slankare bygd. I vill tilstand kan ein forvente ei gjennomsnittleg levetid på ca. 3 år, men dette varierer frå stad til stad (underart til underart). I fangenskap lever revar opp mot 12–13 år.

Vanleg raudrev[endre | endre wikiteksten]

Raudrevskinn

Vanleg raudrev utgjer omkring 65 % av raudrevbestanden på verdsbasis, men fargen varierer frå bleik gulaktig raud til djup raudbrun på øvre partia av kroppen og frå kvit til oskegrå og skiferaktig grå på undersida. Alle raudrevar har eit krossliknande mønster over ryggen, der ei mørk stripe renn nedover nakken og ryggkammen, og ei tilsvarande mørk stripe dannar ein kross på tvers over skuldrene på dyra. På raude raudrevar er dette krossmønsteret djupare raudt eller raudbrunt. Den nedste delen av leggane er normalt svart eller nærmast svart, og haletippen er anten svart eller kvit. Pelsen varierer frå kort til halvkort. Dei nordlegaste underartane har generelt ein lenger pels og gjerne tett underull i vinterhalvåret.

Såkalla norsk eller skandinavisk raudrev har gjerne ein klar raud til raudbrun pelsfarge med kvite teikningar i brystet, på halsen, kinnet og på haletippen. Den utviklar tett underull vinterstid og blir normalt 58–80 cm lang, målt frå snutespissen til halerota. Halen, som er bustet og svært frodig, blir gjerne omkring 50 cm lang. Vekta ligg normalt i området 5–15 kg, men vekt over 10 kg er ikkje vanleg. Skandinavisk raudrev har vorte skildra som ein eigen underart (Vulpes vulpes septentrionalis), men mange forskarar reknar ikkje denne reven som distinkt nok til å vere det. Den blir derfor som oftast rekna som ein varietet til nominatforma (Vulpes vulpes vulpes).

Det finst også kvite raudrevar, men nokre av desse er albinoar. Likeins finst det i vill tilstand ein mutert variant av raudreven som ikkje har dekkhår, kalla Samsons rev.

Krossrev[endre | endre wikiteksten]

Krossrevskinn

«Krossrev» er ei nemning brukt om revar som har ei slags krossmønster på pelsen. Krossrev er ingen naturleg reveart, men det er ei kryssing av rømt sølvrev og vill raudrev. Krossrevar utgjer omkring 25 % av raudrevbestanden på verdsbasis. Han har gjerne ein raudbrun til grågrisla raudbrun pelsfarge. Krossrevar har eit mykje tydelegare krossmønster enn andre raudrevar. Ei nærmast svart eller gråsvart stripe (med islett av raudt) renn nedover nakken og ryggkammen, og ei tilsvarande mørk stripe dannar krossen på tvers over skuldrene. Den nedste dele av leggane er normalt svart eller gråsvart, og haletippen er som oftast kvite. Krossrevar har dessutan gjerne svart eller gråsvart ansiktsmaske.

Krossrevskinn er eit populært pelsverk internasjonalt. Det er gjerne meir verdt eit tradisjonelle raudrevskinn, men som oftast ikkje like mykje verdi som pelsverk av sølvrev og fjellrev.

Sølvrev[endre | endre wikiteksten]

Sølvrevskinn

Sølvrevar utgjer ca. 10 % av den totale raudrevbestanden på verdsbasis. Han varierer frå sølvgrå (grågrisla) til nærmast svart og har det mest verdifulle pelsverket blant raudrevane. Også sølvrevar har eit liknande krossmønster på ryggen, men fargane er ein kombinasjon av sølv og svart. Den nedste delen av leggene og labbane er normalt svarte eller nærmast svarte, og halen er gjerne grågrisla heilt inst, men nærmast svart utover. Også øyrene er ofte svarte eller nærmast svarte.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Raudreven er ein einsam jeger som ikkje dannar sosiale flokkar, men lever aleine utanom paringstida og den fyrste delen av kvalpestadiet. Det er kjent at tilliggande revir kan overlappe kvarandre noko, men kjernereviret blir som regel forsvart. Reviret blir okkupert av ein hann og ein til to hoer og dei eventuelle kvalpane deira. Hiet blir som regel grave ut i bakken og har alltid fleire utgangar. Ofte har reven også fleire hi innanfor reviret. Sjølve hiet er ofte overteke etter andre dyr og tilpassa behovet.

Habitat[endre | endre wikiteksten]

Raudreven trivst nesten over alt

Raudreven er svært flink til å tilpasse seg og trivst utmerka heilt i nærleiken av menneske. Moderne landbruk, byar og tettstader har i så måte gitt raudreven ei rekkje nye høve, som han veit å utnytte. Han trivst nærmast over alt, inkludert i større byar som Oslo, London og New York, men ein finn og raudrev i kystnære folketomme strøk, ørkenliknande område, landbruksområde og i fjellstrøk. Likeeins finn ein raudrev i både varme som kalde strøk, medrekna også i strøk med forhaldsvis mykje snø vinterstid. Det ser likevel ut til at raudrev føretrekkjer grasmark heilt i nærleik av skog, dersom han kan velje, men ein kan stort sett seie at raudrev er der det er tilgang på mat.[2]

Spreiing[endre | endre wikiteksten]

Raudrev finst naturleg over heile den nordlege halvkula, unnateke i delar av Sibir og på Grønland, Island og dei andre Arktiske øyane. Han finst heller ikkje naturleg i ekstrem ørken. Undersøkingar frå Nord-Amerika og Russland viser at raudreven i løpet av 1900-talet auka utbreiinga si mot nordområda.[3] Forskarane meiner dette har samanheng med klimaendringane, noko som igjen fører til ekspansjon av raudreven si utbreiing oppover i fjellet.

Forskarar meiner at arten oppstod i Asia, der det er gjort fossile funn som er omkring 1,5 millionar år gamle. Raudreven har så spreitt seg utover Eurasia og til dei nordlege delane av Afrika. Til Nord-Amerika kom han truleg for omkring 130 000 år sidan, dit han vandra via Beringstredet. På 1600-talet blei også europeisk raudrev introdusert i USA, der han blanda seg med lokale underartar. På 1860-talet blei raudrev også introdusert til Australia, der han i løpet av 50 år var spreidd til heile den vestre delen av landet. I dag er det berre i dei varmaste stroka i nordområda at han ikkje finst. Raudrev blei også introdusert på Falklandsøyane og på Isle of Man, sjølv om han no kan vere utrydja der.

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Tispe med kvalp

Brunsttida er gjerne i perioden desemberjanuar i sørlege strøk, januarfebruar i sentrale strøk og februar–april i nordlege strøk, men dette kan variere. Hannane vil slåst i brunsttida. Tispa er som regel fruktbar i 1–6 dagar, mens sjølve paringsakta gjerne står på i berre 15–20 minutt om gongen. Tispene parar seg ofte med fleire hannar, men vil etablere eit parforhold med berre ein av dei. Under sjølve paringsakta er revar svært vokale, noko vi ofte kan høyre som katteliknande skrik på nattestid.

Tispa går drektig i ca. 51–53 dagar (av og til ned mot berre 49 dagar) før ho føder eit kull som i snitt består av 5 kvalpar (1–13 blir rekna som normal). Tispa har ansvaret for kvalpane, men hannen vil supplere henne med mat fram mot og ei stund etter fødselen. Kvalpene blir fødde blinde og veg gjerne 50–150 gram. Auga blir opna etter 9–14 dagar, og kvalpane forlèt gjerne hiet etter 4–5 veker. Dei er som regel fullt avvent etter 8–10 veker, men blir saman med mora til seinhausten eller førvinteren. Kvalpane er kjønnsmodne etter ca. 10 månader og forlèt då gjerne mora på leting etter eit eigne revir å leve i. Ofte i nærleiken av oppvekstområdet, men lange vandringar skjer.

Bestandsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Mange stader har raudrevbestanden hatt ei eksplosiv utvikling i seinare tid, spesielt i Norden. Mange har meint at dette skuldast mangel på naturlege fiendar. Dette er likevel omdiskutert, og nordiske forskarar forklarer dette med at bestanden også har auka kraftig i Danmark, der rovdyra blei utrydja alt på 1700-talet. Stadig fleire trur no at moderne landbruk må ta ein stor del av skulda, fordi dette gir betre levevilkår for smågnagarar og dermed eit betre næringsgrunnlag for revens eksistens. Somme meiner også at auka mengder av slakteavfall, som følgje av auka skyting av elg gjennom mange år, også kan ha bidratt.[4] Likevel nemner mange redusert predasjon frå ulv som ei mogeleg forklaring til voksteren i raudrevbestanden i Fennoskandia[5]

Ernæring[endre | endre wikiteksten]

Raudreven er kjend som ein sløg og særs tilpassingsdyktig jeger. Arten er nærmast altetande og jakter helst i skyming og mørke. I område med mykje mat er reviret gjerne 5–12 km². I meir sparsame område kan reviret vere 20–50 km². Han et fugler, insekt, reptil, egg, små gnagarar. og andre små pattedyr, frukt, bær, åtseler og matavfall etter menneske med meir. I det siste har det òg blitt kjend at skandinavisk raudrev kan ta rådyrkalvarvårparten.

Raudreven treng omkring 0,5–1 kg mat i døgeret. Ved overflod hamstrar han, og det viser seg at reven som regel finn tilbake til maten han gøymde vekk.

Jakt og fangst[endre | endre wikiteksten]

Fangst av raudrev har skjedd i fleire tusen år.

Mest truga er raudreven av mennesket, som i tusenår har beskatta arten for pelsverket, men også som skadedyr. I Noreg, Sverige og Finland blir raudrev drepe som truer fjellrevbestanden. Forskarar trur klimaendringar er årsaka til at raudreven trekkjer opp i høgda, der den kan konkurrere ut den mykje mindre og langt meir sårbare fjellrevbestanden. I låglandet er jakt på raudrev meir vanleg. I Storbritannia blei landets lange tradisjon med revejakt forbode i februar 2005. Denne typen jakt skjedde ved at ein flokk med ryttarar på hest og eit koppel av hundar (som regel foxhound) jaga etter reven til den var heilt utmatta, og det enda gjerne med at hundane reiv reven i hel.

Pelsdyroppdrett[endre | endre wikiteksten]

Pels er framleis populært mange stader i verden. Historisk sett blei pelsverk nytta for å beskytte mot kulden, men mot slutten av 1800-talet og på byrjinga av 1900-talet blei pels eit populært statussymbol. Filmstjerner og andre kjendisar tok i bruk pels og konkurrerte om å ha dei flottaste plagga, noko som til slutt resulterte i regulært pelsdyroppdrett. Fenomenet smitta over på befolkninga, fyrst og fremst til rikfolk, sidan også til middelklassa. På 1960- og '70-talet fanst det vel knapt ei finare frue i Noreg utan pels. For å lage ei pelskåpe av rev går det gjerne med omkring 10–20 skinn (av og til fleire), avhengig av størrelse, modell og kåpelengde. Slike kåper blir ofte omsette for meir enn 35 000 norske kroner.

I 1988 blei det estimert at nærmare ti millionar rev blei avliva for skinnet. Av desse var omkring halvparten såkalla oppdrettsrev og den andre halvparten viltfanga rev. Nordiske land er ein viktig aktør i pelsdyrnæringa, men norsk oppdrettsrev utgjer berre 350 000–400 000 reveskinn i året. Då er både raudrev og fjellrev medrekna. Næringa er såleis liten i Noreg, også i økonomisk samanheng. Norske oppdrettarar er for det meste bønder som har pelsdyrproduksjon som tilleggesnæring.

Det har vore stigande internasjonal motstand mot pelsdyrnæringa i dei seinare åra. I Noreg har denne motstanden engasjert både vanleg folk og naturvernaktivistar. Hovudtemaet har vore dei dårlege levekåra til dyra. Dei mest ekstreme aktivistane har i nokre tilfelle gått til det skrittet å sleppe laus oppdrettsdyr i norsk fauna. Oppdrettsdyr har likevel små føresetnadar for å klare seg sjølv og vil som regel døy av svolt. Genetisk medfører dei dessutan ein stor risiko for eksisterande bestandar av ville dyr, om dei skulle klare å overleve.

Truslar[endre | endre wikiteksten]

Trafikkoffer, daud raudrev ved Rv 15 i ytre Nordfjord.

Raudreven er på ingen måte truga som art, sjølv om CITES regner tre av dei indiske underartane (V.v.griffithi, V.v.montana og V.v.pusilla) som truga og har påført desse handelsrestriksjonane i samsvar med CITES Appendix III. I Sierra Nevada i California er også V.v.necator svært sjeldan, kanskje i ferd med å forsvinne heilt (Nowak, 1991). Dei truslane som finst er derfor i fyrste rekkje predasjon frå andre rovdyr, sjukdomar, påkøyrslar og evt. naturkatastrofar.

Predasjon[endre | endre wikiteksten]

Raudreven er både jeger og bytte. I Noreg jaktar både ulv, gaupe, jerv og kongeørn på raudrev. Elles i verda jaktar alle større rovdyr på raudrev som måtte vere i nærleiken, anten for å ete han eller for å unngå konkurranse om matforrådet. Raudreven er difor utsett for predasjon frå alle store rovdyr og rovfuglar, somme stadar òg krypdyr, særleg som kvalpar.

Sjukdomar[endre | endre wikiteksten]

Reveskabb[endre | endre wikiteksten]

I 1976 blei det fyrste tilfelle av reveskabb (også kalla skabb) påvist i Lierne kommune i Nord-Trøndelag, dit den kom frå Sverige der det fyrste tilfellet blei påvist i 1972. Svensk rev blei smitta av rev som vandra inn frå Finland, der skabb blei påvist alt på 1960-talet. Finsk rev fekk truleg smitten via Russland.

Reveskabb kjem av ein 0,3 mm stor midd (Sarcoptes scabei), som borar seg inn i huda på reven og legg egg. Symptom på reveskabb er tap av pels, særleg på halen. Huda tørkar inn på dei berre partia, og reven blir ofte sky menneskesky og søkjer ly uthus, garasjar o.l. for å finne varme. Etter 3–4 månader døyr reven av utmagring, infeksjon og uttørking.

Reveskabb førte opphavleg til ein drastisk reduksjon i raudrevbestanden. Skabbplaga revar var ei vanleg syn i Noreg til ut på 1990-talet. No ser likevel epidemien ut til å vere over. På kontinentet har raudreven blitt resistent overfor reveskabb.

Bendelorm[endre | endre wikiteksten]

Reven er hovudvert for såkalla mikroskopisk bendelorm (Echinococcus multilocularis), også kalla «revens dvergbendelorm». Denne bendelormen lever i revetarmen og produserer egg som vert utskilde med avføringa. Menneske blir smitta gjennom konsum av forureina frukt, bær, sopp og vatn med meir. Parasitten finst i revebestandane i store delar av Europa, men har vore rekna for å vere fråverande i Norden. I 1999 og 2000 blei likevel denne parasitten påvist på Svalbard og i Danmark, og i 2010 i Bohuslän i Sverige.

Andre overførbare sjukdomar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg kan raudrev få ei rekkje overførbare sjukdomar, sjukdomar som blir overførte via smitte i form av virus og/eller bakteriar. Slike sjukdomar er også kjende hos andre hundedyr, til dømes ulv og tamhund.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Det er beskrive ei rekkje underartar av raudrev basert på lokal variasjon, men dei fleste må reknast som tvilsame og berre eit fåtal er godkjende internasjonalt. Arten treng såleis eit grundig genetisk studium, for å organisere virvaret av underartar betre. Tidlegare vart t.d. den amerikanske raudreven (Vulpes fulva) rekna som eigen art, men han vert no klassifisert som ein underart av Vulpes vulpes. Fleire andre underartar har òg tidlegare vore (feilaktig) klassifiserte som eigne artar. I tida som kjem må ein difor rekne med til dels store endringar i artens systematikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av rødrev Vulpes vulpes for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 
  3. Marsh 1938, Skrobov 1960, Macpherson 1964, Chirkova 1968, Hersteinsson and Macdonald 1992
  4. Kristensen, 1990
  5. Hersteinsson et al., 1989

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raudrev

Litteratur[endre | endre wikiteksten]