Raudsunda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Raudsunda eller Rødsunda er eit sund eller ein fjord mellom øyane Otterøya i Namsos kommune og Jøa i Fosnes kommune i Trøndelag. Fjorden er om lag 12 km lang og strekkjer seg frå Folda og innover til Lauvøyfjorden.

Fjorden startar i nordvest mellom skjeret Tårnet i nord og skjeret Islendingen i sør. Bygda Finnanger ligg på vestsida av fjorden og aust for Finnanger ligg øyane Finnangerøya, Sauøyan og Barøya. Nord for Barøya ligg grenda Faksdal på andre sida av fjorden.

Fjorden endar i søraust mellom Holvikneset i nord og Årnesgalten i sør. Aust for Holvikneset ligg Lyngholmfjorden og lenger sør Lauvøyfjorden.

Fv465 går langs sørvestsida av fjorden på Otterøya, medan Fv483 går på delar av nordaustsida.

Koordinatar: 64°37′34.432″N 11°12′24.268″E