Raulandstova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Raulandstua)
Raulandstua i numedalstunet på Norsk Folkemuseum.

Raulandstova er ein stovebygning frå garden Søre Rauland i Uvdal i Nore og Uvdal kommune i Numedal. Han blei oppført i lafteverk i 1238[1] Stova blei kjøpt inn til det nystifta Norsk Folkemuseum i 1895 og gjenreist ved friluftsmuseetBygdøy i 1899. Som kulturminne frå mellomalderen er bygningen automatisk freda etter lov om kulturminne.

Plan av Raulandstova etter oppmåling av Christian Christie 1859
Lengdesnitt og oppriss av austveggen i Raulandstova etter oppmåling av Christian Christie 1859
Opriss og snitt av inngangsdøra til Raulandstova. Etter oppmåling av Christian Christie 1859
Inngangsdør til Raulandstova.

Planløysing og konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Raulandstova har som dei fleste verna stover frå mellomalderen treromsplan. Ein tverrgåande laftevegg deler planen i to delar, som tek opp høvesvis 1/4 og 3/4 av lengda. Den smalaste delen er delt i to av ein sleppevegg. Ytterst mot tunet ligg forstova med inngangsdør, og bak denne koven eller kleven. Over desse to romma på grunnplanet ligg eit loft eller trev, ramen, som opphavleg hadde inngang frå ein sval på gavlveggen. Frå forstova er det dør til det nesten kvadratiske stoverommet, som med eit areal på 57 m² er uvanleg stort. Stova er ei årestove med ope rom heilt til taket. Opninga midt i taket, ljoren, var den einaste lyskjelda, og denne tente òg til å sleppa ut røyken frå åra eller eldstaden midt på golvet. Langveggane er 4 meter høge innvendig, og den samla høgda frå golv til møne er ca. 6 meter. Årestover måtte vera høge for at røyken frå åra skulle halda seg over hovudhøgd. Framfor inngangsfasaden har det opphavleg vore ein sval. Svalen på gavlveggen er no heilt open, men var opphavleg lukka med ein tilevegg.

På Folkemuseet blei stova sett opp utan åre, fordi det var tvil om kvar han opphavleg hadde vore. Stova har jordgolv, og langs veggen grove moldbenkar fylt med jord, som både var til å sitja på og til å isolera mot trekk mellom golv og veggar. Elles er langbordet det einaste inventarstykket, og ein går ut frå at det har følgd huset heilt frå mellomalderen.

Stova har sperretak understøtta av to par langsgåande åsar, kalla «bjørneryggar». Dei opphavlege åsane frå mellomalderen blei fornya i samband med ein omfattande reparasjon i 1671. Åsane bidreg til å fordela taklasten på alle dei fire veggane, men hindrar ikkje sidetrykket frå sperrene som pressar langveggane utover. For å motverka sidetrykket er to digre tverrbjelkar eller beter lafta inn mellom dei to øvste veggstokkane 1–1,5 m frå tverrveggane. Dei har høgt og smalt tverrsnitt, og på sidene som vender mot midten av rommet er det skore inn langstrekte blindboger. Liknande blindboger er òg skorne inn utvendig på stokk nr. 2 i nordre langvegg.

Frå stoverommet er det dører i tverrveggen både til forstova og til kleven.

Portalen[endre | endre wikiteksten]

Inngangsdøren har beitskier med ulik form. Som vanleg i mellomalderen er veggstokkane felt inn i ei nót i beitskiene. Begge har utskoren dekor etter førebilete frå mellomaldersk steinarkitektur. Den venstre er forma som ein flat pilaster med base og kapitel, og med utskoren rankedekor i romansk stil. Den høgre har form som ei halvsøyle der skaftet er skilt frå base og kapitel med vulstar. I stokken over døropninga er det skore inn ein blindboge, slik at framsida i bogesegmentet ligg i plan med fronten til beitskiene. Over bogen er det rissa inn ei runeinnskrift: «Þorgautr Fivil mik gerði», 'Torgaut Fivil gjorde meg'. Kva Torgaut gjorde, er usikkert – det var sannsynlegvis sjølve huset. Både runene og språkforma stadfestar den dendrokronoligiske dateringa til 1200-talet. Under runeinnskrifta har Jon Roulan rissa inn namnet sitt og årstalet MDCCXXXIIII, 1734. Dette er truleg året då stova blei ombygd og truleg fekk peis og vindauge.

Raulandslaftet[endre | endre wikiteksten]

Veggene er lafta av forholdsvis grovt rundtømmer, og laftehogget er utført på den måten som har fått namn etter nettopp denne stova, raulandslaft. Dette er den eldste kjende førekomsten av ein type laft som var utbreidd før svartedauen, og som fortsette å vera i bruk òg fram i nyare tid.[2] I motsetnad til det jamgamle findalslaftet ligg halsen i raulandslaftet midt i stokktverrsnittet, noko som gjer laftehovudet mindre utsett for brot. I underhogget har tømrarane sett igjen ein kloss («garpe», «barke» eller «kverke») som passar inn i overhogget til den underliggande kryssande stokken og sikrar stabilitet mot vriding og sideveges forskyving. Hoggemåten gjev halsen eit T-forma tverrsnitt. På begge sider av overhogget er det hogge kinningar som gjev god tilslutting til skråflatene i underhogget til neste stokk.

Til Folkemuseet[endre | endre wikiteksten]

Ved stiftigan av Norsk Folkemuseum i 1894 hadde grunnleggjaren Hans Aall planlagt at eit friluftsmuseum skulle inngå i prosjektet. Tomtespørsmålet blei ikkje løyst før ein del av eigedomen Dronninghavn på Bygdøy blei kjøpt inn i 1898. Men allereie i 1895 byrja Aall å leita etter bygningar til å setja opp på museet, og Raulandstova var den første som blei kjøpt, etter råd frå antikvar Nicolay Nicolaysen, leiaren av Fortidsminnesforeningen. Heilt sidan 1859 hadde foreininga vore merksam på verdien til denne bygningen og sørgd for at han blei oppmålt av arkitekt Christian Christie. Nicolaysen freista å sikra i alle fall delar av bygningen, dersom eigaren ville modernisera han. I 1889 måtte foreininga avslå eit tilbod om å kjøpa stova for 1200 kroner då ho mangla midlar. Nicolaysen freista òg utan hell å få bygningen plassert på Kristiania kommune sitt friluftsmuseum HeftyesamlingenFrognerseteren. 1. mars 1895 gjekk Folkemuseet inn som kjøpar i staden for Fortidsminnesforeningen, og tok sjansen på å overta bygningen utan tomt til gjenreising. Prisen enda på 1000 kroner. Same månad blei stova demontert under oppsyn av ein utsend arkitekt, og i april blei ho frakta med slede til Kongsberg. Etter lagring på stasjonen blei ho transportert gratis med jarnbane til hovudstaden og lagra på Vestbanestasjonen inntil vidare. Gjenreisinga av denne og fire andre bygningar som allereie var innkjøpt tok til like etter tomtekjøpet, og var fullført i 1899.[3]

Samtidig med Raulandstova overtok museet som gåve Grøslistova frå garden Grøsli i Flesberg frå ca. 1650. Denne har òg treromsplan og omtrent same areal, men har peis med røykpipe, betydeleg lågare veggar med vindauge, og tak med mønsås og utan ljore. Også den stod ferdig gjenreist i 1899.[4] Ideen med dei to stovene var å visa skilnadene mellom årestover frå mellomalderen og peisestovene som blei vanlege på 1600-talet, og endringane i byggeskikken som innføringa av peisen førte til. Stoverommet blei innreia med peis og høgsete diagonalt i kvart sitt hjørne, og inngangsdør og veggfast seng i dei to andre hjørna.

Seinare endringar[endre | endre wikiteksten]

Etter at stova var oppført, blei bygningsskadar utbetra med ujamne mellomrom. Etter ca. 15 år blei søre stavlegje heilt eller delvis skifta ut, og det same skjedde med nordre stavlegje i 1436. Det blei gjort meir omfattande reparasjonar i 1671 eller kort tid seinare. Då blei åsane og heile røstet i vestre gavlvegg fornya, og det blei lagt inn ein ekstra bjelke tvers over rommet, fire omfar lågare enn vestre bete. Denne kan ha hatt ei anna plassering opphavleg, kanskje som bering for ein himling.

Ein har gått ut frå at stova fekk peis i søraustre hjørne i staden for åra i samband med ei ombygging som blir datert av innskrifta frå 1734, men dette kan òg ha skjedd i samband med reparasjonen i 1671. Sidan ljoren måtte stengast då peisen blei sett inn, måtte stova samstundes få vindauge. Det blei skore ut opningar for to vindauge i vestre gavlvegg og eitt i sørveggen. Desse blei kubba igjen då huset blei gjenreist på Folkemuseet.

Museet måtte også utbetra skadar øvst i langveggene kring 1915. I 2003 blei det gjort meirr omfattande reparasjonar etter at det blei konstatert at sperrene hadde pressa stavlegjene ut til sidene på grunn av brot i betane. Den austre beten måtte fornyast heilt, og i det sambandet blei også taket og delar av veggene demontert. Dette opna samstundes høvet til å få tømmeret datert ved dendrokronologi eller analyse av dei varierande breiddene til årringane.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thun, Terje og Stornes, Jan Michael: «Dendrokronologisk datering av Raulandsstua», I: Årbok 2007 Fortidsminneforeningen, Oslo 2007, s. 165-169. ISBN 978-82-90052-73-2
  2. Berg, Arne: «Meir analyse av Raulandstugu», I: Årbok 2007 Fortidsminneforeningen, Oslo 2007, s. 172-176. ISBN 978-82-90052-73-2
  3. Hegard, Tonte: Romantikk og fortidsvern. Historien om de første friluftsmuseene i Norge. Oslo, Universitetsforlaget 1984. S. 155-158, 163-164. ISBN 82-00-07084-0
  4. Kjellberg, Reidar: Et halvt århundre. Norsk Folkemuseum 1894-1944, Oslo 1945. S. 18-20.
  5. Thun, Terje og Stornes, Jan Michael: «Dendrokronologisk datering av Raulandsstua», I: Årbok 2007 Fortidsminneforeningen, Oslo 2007, s. 165-169. ISBN 978-82-90052-73-2

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bugge, Gunnar og Christian Norberg-Schulz (1969): Stav og laft i Norge. Oslo, Byggekunst og Norske Arkitekters Landsforbund. S. 57-59.
  • Mork, Paal (red.) (2010) «Norsk Folkemuseum – Friluftsmuseet». By og Bygd 43. Oslo, Norsk Folkemuseum. S. 61. ISBN 13: 978-82-90036-82-5