Rauma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rauma (elv))
For kommunen i Møre og Romsdal, sjå Rauma kommune. For fleire tydingar, sjå Rauma (fleirtyding).
Rauma
elv
Rauma i Romsdal
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal, Innlandet
Nedslagsfelt 1 206,17 km²
Sideelvar Grøna, Ulvåa, Vermåa,
Istra
Lengd 68 km
Middelvassføring 44,387 /s
Kjelde Lesjaskogsvatnet
 - høgd 611 moh.
Munning Åndalsnes
 - høgd moh.
Kart
Rauma
62°13′45″N 8°21′37″E / 62.2293°N 8.3602°E / 62.2293; 8.3602
Wikimedia Commons: Rauma River

Rauma er ei elv i Innlandet og Møre og Romsdal. Elva er 68 km lang og renn frå Lesjaskogsvatnet til Åndalsnes ned gjennom Romsdalen og ut ved Veblungsnes.

Raumavassdraget vart verna i Verneplan IV for vassdrag i 1993.

I tillegg til Lesjaskogsvatnet får Rauma vatn frå sideelvane Grøna, Ulvåa, Vermåa og Istra i tillegg til eit utal små bekker, som ein ser når ein køyrer nedover Romsdalen. Nedslagsfeltet for Rauma med Istra er på 1206,17 km² med ei middelavrenning på 36,80 l/s/km² og middelvassføring på 44,387 m³/s ved utløpet. Etter utbygginga av Mardøla blir dette vatnet ført over til Rauma gjennom Grytten kraftstasjon.

Fossar[endre | endre wikiteksten]

Slettafossen

Rauma fell over 600 m frå Lesjaskogsvatnet til Romsdalsfjorden. På denne strekninga er det mange fossar og stryk. Dei meste kjende er Brufossen, Slettafossen, Kyllingfossen, Kjerkjefossen, Eidafossen og Fivafossan. Slettafossen ovanfor Verma er ein turistattraksjon.

Ein del av sidebekkene har spektakulære fossefall når det er god vassføring. Mellom desse er Vermafossen, Døntefossen, Gravdefossen, Brudesløret og Mongefossen. Dei to siste er regulerte, men har vassføring ein del av sumaren. Vermafossen har eigen kraftstasjon.

Laksefiske[endre | endre wikiteksten]

Elva er ei av Noregs best kjende lakseelvar. Laksen går opp til Kyllingfossen, om lag 42 km frå sjøen. Rauma vart i 1980 infisert av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. På grunn av infiseringa vart elva ei av dei fyrste i Noreg rotenonhandsama og fram til 2001 var det berre lov å fange stamfisk til settefiskanlegget på Herje. Frå sesongen 2001 vart det opna for fiske. Ved elva ligg det fleire kjende laksegardar, mellom dei Fiva og Horgheim.

I tidlegare tider fanga ein laks ved hjelp av teiner i elva.

Deltaet[endre | endre wikiteksten]

Deltaet ved Veblungnes er eit av dei største på Vestlandet, men er i dag heilt bygd ned og gjort om til industriområde. Berre ein liten del av vestsida er urørt.

Rauma

Bruer[endre | endre wikiteksten]

Over Rauma er det fleire kjende og verna bruer.

Raumabanen kryssar Rauma fleire gonger. På Opplandsida finn ein Bøvermo bru like etter Bjorli. Vidare kjem steinbruene Stuguflåtbrua og den kjende Kylling bruVerma. Dei siste jarnbanebruene over Rauma er Foss bru, Sælsbrua og Skjerve bru.

Gamle vegbruer er Sogge bru og Grøttør bru. Ved utløpet kryssar E136 over Raumabrua.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]