Raumabana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raumabana
Stuguflåtbrua med veterantog
Info
Type Jernbane
System Éinspora uelektrifisert bane
Utgangsstasjon Dombås stasjon
Endestasjon Åndalsnes stasjon
Tal på stasjonar 6
Drift
Opna 30. november 1924
Eigar BaneNor
Operatør(ar) SJ og Onrail
Type trafikk Passasjerar og gods
Teknisk
Lengd 114,2 km
Største stigning ø 25 ‰ (Bjorli-Åndalsnes)
max:30 ‰ 445,7 km
Kryssingsspor 4
Bruer 103
Tunnelar 5
Planovergangar 224
Kart
Raumabanen

Raumabana er ei 114,2 kilometer lang einspora jernbane mellom Åndalsnes ved Romsdalsfjorden i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke og Dombås stasjon i Dovre kommune i Oppland fylke, der bana er tilkopla Dovrebanen mellom Oslo og Trondheim. Bana går soleis opp Romsdalen og gjennom fjellbygda Lesja kommune øvst i Gudbrandsdalen.

Raumabana er den einaste jernbana i Møre og Romsdal fylke, og var fram til 1970-talet den viktigaste kommunikasjonsåra for person- og posttrafikk mellom Møre og Romsdal og hovudstaden. Frå Ålesund, Molde og Kristiansund gjekk det buss til togavgangane på Åndalsnes. Etter at det vart bygd flyplassar i Ålesund (1960) og seinere Kristiansund (1970) og Molde (1972), fekk jernbana konkurranse om dei reisende som skulle til Oslo.

Innføring av ERTMS[endre | endre wikiteksten]

Det nye digitale signalsystemet ERTMS inneber at Raumabana ikkje lenger skal styrast manuelt av togekspeditørar.[1] Nasjonal signalplan legg opp til at signalsystemet skal innførast på Raumabana i 2031.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bjorli stasjon fotografert i 1922 av Anders Beer Wilse

Vedtaket om bygging av bana vart gjort av Stortinget i 1908, og arbeidet byrja 12. januar 1912. I 1921 var strekninga mellom Dombås og Bjorli i Lesja kommune ferdig og opna for trafikk. Heile strekninga fram til Åndalsnes var ferdig og vart offisielt opna av kong Haakon 29. november 1924. I byrjinga var det til saman tolv stasjonar og haldeplassar på strekninga, no er det fem.

Bana vart i si tid rekna som eit framifrå døme på godt ingeniørarbeid. I ei 1396 meter lang vendetunnel i Romsdalen, Stavem vendetunnel, snur bana 180 grader inne i fjellet for overvinne høgdeskilnaden ved å gå i slyng ned dalsida, for etter ein ny tunnel i kurve å krysse elva Rauma over den imponerande steinkvelvbrua Kylling bru over til den andre sida av dalen.

Bana vart ei viktig kommunikasjonsåre for distriktet og byane Ålesund og Molde som med Raumabana vart knytt til det nasjonale og internasjonale jernebanenettet ved rutebilar og ved båtar på Romsdalsfjorden fram til stasjonen på Åndalsnes. Tidlegare hadde mykje av trafikken austover gått sjøvegen til Trondheim og derifrå med Rørosbanen. Då Gudbrandsdalsbana (Dovrebana) nådde fram til Dombås i 1913 byrja passasjertrafikken om sommaren å gå over Lesja og Åndalsnes, medan gods fortsatt gjekk om Trondheim. Då Raumabana opna i 1924 vart transportmønsteret snudd heilt om.[3] Statsbanen gav tilskot til bygging av Trollstigen for å lette tilkomsten til Raumabana frå indre Sunnmøre.

Kylling bru over elva Rauma i Romsdalen
Åndalsnes stasjon i 2005

Raumabana har vore og er framleis ei viktig turistbane, då Romsdalen er rekna som ein av dei venaste av alle dalane i Noreg. Ein jernbanerestaurant med plass til så mange som 700 gjestar bygd på Bjorli i åra 1925–1927 for å ta imot dei som kom inn Romsdalsfjorden til Åndalsnes med turistskip og ville sjå dalen frå toget. Denne restauranten brann under krigen i 1940 etter å ha vorte råka av ei bombe, og vart ikkje bygd opp att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nytt digitalt signalsystem (ERTMS)». Bane Nor. Henta 10. mai 2024. 
  2. Bane Nor (2023). Nasjonal Signalplan 2023 (PDF). Bane Nor. s. 6. 
  3. Løseth, Arnljot (1996). Likskap og lagdeling- Fylkeshistorie for Møre og Romsdal. Samlaget.