Raunefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raunefjorden
Sotrabrua går over Raunefjorden.
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen, Øygarden
Kart
Raunefjorden
60°16′00″N 5°09′00″E / 60.2667°N 5.15°E / 60.2667; 5.15
Wikimedia Commons: Raunefjorden, Bergen

Raunefjorden er ein fjord mellom Sotra og Bergen, som strekker seg om lag 15 km nordover frå Korsfjorden i sør til Byfjorden og Hjeltefjorden i nord. Fjorden startar nord for Lerøyna og Bjelkarøyna mellom Klokkarvik i Øygarden kommune i vest og Hjellestad i Bergen i aust.

Nord for Klokkarvik går Skogsvågen inn i Sotra mot vest. Aust for Skogsvågen ligg Bergen lufthamn, Flesland. Raunefjorden har ein sidefjord, Grimstadfjorden, som ligg nord for Flesland og rett aust for Bjorøy. Frå Bjorøy går det ein undersjøisk tunnel under Vatlestraumen til fastlandet i nærleiken av Håkonshella. Vatlestraumen vart kjend i 2004MS «Rocknes» gjekk på grunn og kantra. Håkonshella er staden der Håkon den gode både vart fødd og døydde. Håkonshella ligg ved inngangen til Alvøpollen og Alvøen. Frå her går fjorden vidare nordover på austsida av Litlesotra og nord til Knarrevik og Drotningsvik. Mellom desse to stadane går Sotrabrua over fjorden med ei lengd på 1236 meter og ei seglingshøgd på 50 meter.

Fjorden endar nord for Sotrabrua.