Ravana Falls
| Ravana Falls | |||
| foss | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Provins | Uva-provinsen | ||
![]() Ravana Falls 6°54′14″N 81°03′06″E / 6.9038888888889°N 81.051666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Ravana Falls | |||
Ravanafossen (engelsk Ravana Falls, singalesisk Ravana Alla රාවණා ඇල්ල) er ein kjend attraksjon på Sri Lanka. Han ligg sentralt i landet, nær småbyen Ella i Uva-provinsen.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Fossen er kring 25 meter (82 ft) høg, og fossar ut frå eit ovalt, konkavt fjellutspring. I regntida skal han sjå ut som ein arekapalmeblom. I tørketida er det mykje mindre vatn i fossen. Fossen ligg i verneområdet Ravana Ella Wildlife Sanctuary, 6 kilometer (3,7 mi) unna den lokale jernbanestasjonen ved Ella.
Soger
[endre | endre wikiteksten]Fossen har namn etter sogekongen Ravana, som opptrer i det kjende indiske eposet Ramayana. Ifølgje soga hadde Ravana, som var konge av [Sri] Lanka, kidnappa prinsesse Sita, kona til Rama, og gøymd henne i holene bak fossane, no kjend som Ravana Ella Cave. På denne tida var hola omgjeven av tjukk skog i eit vilt landskap. Sita skal ha bada i ein dam av vatn frå denne fossen. Ravana skal òg ha spela strengeinstrumentet ravanahatha her.
Ravana Ella-hola
[endre | endre wikiteksten]Ravana Ella-hola ligg 1 370 meter (4 490 ft) over havet på ei klippe. Hola er eit populært turistmål, rundt 11 kilometer (7 mi) frå Bandarawela. Utgravingar i hola har funne spor etter menneske frå 25 000 år tilbake.[1]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Trapper til hola
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ravana Ella - Ravana Ella Ancient Temple». Department of Archeology (Sri Lanka). Arkivert frå originalen 5. august 2020. Henta 27 August 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Ravana Falls» frå Wikipedia på engelsk, den 11. februar 2021.
