Ravn Ånundsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Ravn Ånundsson (norrønt: Hrafn Önundarson) var ein islandsk skald som levde på byrjinga av 1000-talet.

Ravn (Skáld-Hrafn) er nemnt i den islandske Landnåmaboka[1], der ein finn at Helga Ånunddotter (Helgu Önundardóttur) var syster hans, og at mor hans heitte Geirný. I Soga om Gunnlaug Ormstunge[2] er det opplyst at Ravn Ånundsson var syskenbarnet til lovseiemannen og skalden Skafte Toroddsson på Hjalle.

I Skaldatal[3] er det nemnt om Ravn Ånundsson at han var skald hos Eirik Håkonsson Ladejarl og kong Olav Svenske (Skötkonung) i Sverige.

I Soga om Gunnlaug Ormstunge[2] er Ravn ein av hovudpersonane. Det blir stort fiendskap mellom han og Gunnlaug, og det byrja med ei hending då dei begge skulle seie fram kvar sitt kvad til kong Olav Svenske. Gunnlaug tala nedsetjande om kvadet til Ravn, og som hemn reiste han attende til Island og gifte seg med den vakre Helga, som frå før var trulova med Gunnlaug. Striden mellom dei vart til sist avgjort i holmgang, først på Island og seinare i Noreg, der dei begge miste livet.

Soga om Gunnlaug Ormstunge er truleg ikkje historisk pålitande i alle detaljar, men dei skaldekvada av Ravn Ånundsson som vi kjenner til, er alle frå denne soga.

Det er i soga om Gunnlaug Ormstunge vi får opplysning om at Eirik jarl hadde lagt ned forbod mot holmgang i Noreg. Gunnlaug og Ravn heldt likevel holmgangen, på ein stad som blir kalla Dingenes (nesi Dinga)[4]. I dag veit vi berre om ein stad i Noreg med det namnet (Dingeneset iGulen kommune), og det høver ikkje med resten av teksten i soga.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Landnåmabok frå snerpa.is
  2. 2,0 2,1 Soga om Gunnlaug Ormstunge av Jacob Fjalestad (1944)
  3. Skaldatal Heimskringla.no (dansk tekst)
  4. Lausavise av Gunnlaug Ormstunge[daud lenkje] Skaldic Project

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]