Ravsyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strukturen til ravsyre
Modell av ravsyre
Ravsyre

Ravsyre eller butandisyre er ei tobasisk organisk syre med kjemisk formel HOOCCH2CH2COOH. Ho er vidt utbreidd i naturen og finst til dømes i rav og mange planter. Ravsyre vert danna som biprodukt ved gjæringsprosessar og speler ei stor rolle i stoffskiftet i seller som intermediær sambinding i sitronsyresyklusen. Ravsyre dannar med glysin δ-aminolevulinsyre, som er utgangspunkt for biosyntesen av porfyrin. Porfyrin er komponentar i til dømes hemoglobin, cytokrom og klorofyll. Ravsyre vert òg nytta i organisk syntetisk kjemi, mellom anna til framstilling av visse fargestoff. Salta av ravsyre vert kalla succinat (av latin succinum, 'rav').

Kjelder[endre | endre wikiteksten]