Ray Edenton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ray Edenton
Fødd3. november 1926 (92 år)
FødestadMineral
FødenamnRay Quarles Edenton
OpphavUSA
Aktiv1949-1991
SjangerCountry
Rock and roll
InstrumentGitar
Mandolin
Banjo
Bass
Ukelele
Verka somGitarist

Ray Quarles Edenton (fødd 3. november 1926)[1] er ein USA-amerikansk gitarist og countrystudiomusikar.[2]

Edenton var fødd i Mineral i Virginia. Han vert rekna som ein av dei mest aktive studiomusikarane i Nashville og har spelt på meir enn 12 000 innspelingar som medlem av The Nashville A-Team.[3] Den første innspelinga hans var for den amerikanske countryartisten Red Kirk sin versjon av «Lovesick Blues» for Mercury Records i 1949,[4] men den første store hitten han spelte på var Webb Pierce sin «There Stands the Glass frå 1953.[5] Edenton spelte på 26 av dei 27 countryhittane Pierce fekk, og andre kjende innspelingar som Everly Brothers sine «Bye Bye Love» og «Wake Up Little Susie», Marty Robbins sin «Singing the Blues» og Roger Miller sin «King of the Road».[3]

Andre artistar Edenton spelte med var mellom andre Julie Andrews, Beach Boys, Gary Burton, Sammy Davis jr., Henry Mancini, Reba McEntire, Elvis Presley, Leon Russell og Neil Young.[3]

Edenton pensjonerte seg i 1991.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ray Quarles Edenton: United States Public Records, 1970-2009». FamilySearch. 2000. 
  2. 2,0 2,1 Kienzle, Rich (2012). «Ray Edenton». I Kingsbury, Paul; McCall, Michael; Rumble, John. The Encyclopedia of Country Music (2nd utg.). New York: Oxford University Press. s. 151. ISBN 978-0-19-539563-1. OCLC 778339718. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Friskics-Warren, Bill (5. oktober 2007). «Country Music Hall of Fame Salutes 'Nashville Cat'». Nashville, Tennessee: The Tennessean. s. F3. 
  4. Roland, Tom; Orr, Jay (21. juni 1998). «Nashville's 'A Team': The Unsung Heroes of the Nashville Sound». Nashville, Tennessee: The Tennessean. s. 135–142. 
  5. «Ray Edenton: Biography & History». AllMusic. Henta 21. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]