Ray Wilkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ray Wilkins
Ray Wilkins 18-10-2008 1.jpg
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 14. september 1956
Hillingdon
Død

4. april 2018
St George's Hospital

Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar, sportskommentator
Ray Wilkins

Raymond Colin Wilkins (14. september 19564. april 2018) var ein britisk-engelsk fotballspelar. Midtbanespelaren var opphavleg Chelsea-spelar, men klubbsuksess opplevde han einast med Manchester United og skotske Rangers FC. Med det engelske landslaget var han to gongar med om å vinne den britiske landslagsmeisterskapen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Wilkins fekk sin ligadebut med Chelsea FC i oktober 1973. Etter at klubben i 1975 rykte ned frå 1. divisjon, vart Wilkins, enno ikkje 19 år gammal, vald til kaptein av den nye lagsjefen. Wilkins leia laget til opprykk i 1977. Etter nytt nedrykk i 1979 vart han overført til Manchester United mot £825 000. Med United vann han FA-cupen 1983, der han i den fyrste finalekampen mot Brighton, som enda 2-2, skåra på eit langskot. Sommaren 1984 la AC Milan £1.5 millionar på bordet, og Wilkins tok turen til Italia. Etter eit par gode sesongar fekk han lite speletid i 1987, og bytta over til franske Paris Saint-Germain. Her gjekk han inn og ut av fyrsteellevaren, så i november same året signerte han for Rangers FC i Skottland. Den 23. oktober 1988 var han med då Rangers vann 3-2 mot Aberdeen FC i ligacupfinalen, medan han våren 1989 kunne ta del i feiringa av ein skotsk ligatriumf. Frå november 1989 til 1997 var han i fleire sesongar aktiv i Queens Park Rangers, og elles innom fem andre klubbar. I alt var Wilkins aktiv i 11 ulike fotballklubbar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Wilkins spelte 84 landskampar på Englands landslag frå debuten våren 1976 til avskjeden i november 1986. Både i mai 1978 og våren 1982 spelte han alle tre kampane då England vart britisk landslagsmeister. Han deltok både i Fotball-EM 1980 og i verdsmeisterskapane i 1982 og 1986. Under EM i fotball 1980 skåra han Englands mål i opningskampen mot Belgia, ein kamp som enda 1-1. Wilkins skåra berre tre mål på landslaget, Han var kaptein i 10 kampar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av FA-cupen: 1983 med Manchester United
  • Skotsk ligacupvinnar: 1988 med Rangers FC
  • Skotsk ligameister: 1989 Rangers FC
  • Britisk meister: 1978 og 1982 for England

Kjelder[endre | endre wikiteksten]