Raylee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raylee
Fødd28. juni 1997 (26 år)
FødestadArendal
OpphavNoreg
Aktiv2008–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapSony Music Entertainment
Verka somskodespelar, songar

Raylee Charlotte Kristiansen (fødd 28. juni 1997) er ein norsk songar, dansar og skodespelar frå Tromøy i Arendal. Ho er kjend frå fleire tv-program, blant anna Stjernekamp, Skal vi danse og Melodi Grand Prix.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kristiansen er oppvaksen på Tromøy utanfor Arendal og vart kjend som barnestjerna «Lotta». Ho vart kjend med songen «Hvem eier», som er sett over 1,2 millionar gongar på YouTube.[1] Som elleveåring hadde ho si fyrste store rolle, da ho spela hovudrolla i ei oppsetjing av Annie i Oslo hausten 2008.

Kristiansen vann LOS Fondets drøymekonkurranse i Kristiansand Dyrepark i 2008 og brukte premien på 100 000 kroner til å gje ut musikkalbumet Min egen stil, i samarbeid med Ronny Janssen i hans studio Snakehips 15. juni 2009. Dette førte til platekontrakt med Sony Music Entertainment. 27. mai 2011 gav Kristiansen ut sitt andre album, Bevis at du tør, på plateselskapet MTG Music. I 2017 gav ho ut sin fyrste eigenskrivne låt, «Love Me».[1][2]

Kristiansen har delteke i fleire tv-program. Hausten 2014 deltok hun i den tredje sesongen av Stjernekamp på NRK1.[3] Våren etter deltok ho i Melodi Grand Prix med låten «Louder», og same år song ho årets BlimE!-låt «Dilla på».[4][5] Hausten 2016 enda ho på tredjeplass i den tolvte sesongen av Skal vi danseTV 2.[6] I 2020 deltok ho i Melodi Grand Prix på ny, med låten «Wild». Ho enda til slutt på ein tredjeplass i finalen, og «Wild» nådde ein 24. plass på VG-lista.[7]

I 2021 deltok Kristiansen på ny i Melodi Grand Prix, med songen «Hero».[8] I 2021 var ho deltakar i gameshowet Fangene på fortet.[9]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2009 – Min egen stil
  • 2011 – Bevis at du tør

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2009 – «Rundt og rundt»
  • 2013 – «Get Ya Heels On»
  • 2014 – «We Make it Burn»
  • 2014 – «Back to Now»
  • 2014 – «Wish for You»
  • 2015 – «Louder»
  • 2016 – «Falling Awake»
  • 2016 – «Bare vi»
  • 2017 – «Love Me»
  • 2020 – «Wild»
  • 2020 – «Unspoken»[10]
  • 2021 – «Hero»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hyttebakk, Jon Marius (6. januar 2020). «Her er de første finalistene i MGP 2020». NRK (på norsk bokmål). Henta 7. januar 2020. 
  2. «Raylee». NPS Music (på norsk bokmål). 21. desember 2016. Arkivert frå originalen 26. september 2020. Henta 7. januar 2020. 
  3. NRK: Her er artistene i Stjernekamp 2014 Publisert 17. juni 2014. Besøkt 26. oktober 2014.
  4. «BlimE!». NRK Super. Henta 26. november 2021. 
  5. «Raylee lærer bort BlimE-dansen». NRK. 13. oktober 2015. Henta 26. november 2021. 
  6. Svela, Elling. «Raylee røk ut av «Skal vi danse»-finalen». Fædrelandsvennen. Henta 7. januar 2020. 
  7. «Wild». VG-lista 2020 (på norsk bokmål). Henta 24. mai 2020. 
  8. «Raylee videre til MGP-finalen: – Jeg sikter mot gull». www.vg.no (på norsk bokmål). 23. januar 2021. Henta 29. januar 2021. «Lørdag stakk Raylee (23) til topps i den andre delfinalen i MGP. Dermed er hun videre til den store finalen.» 
  9. AS, TV 2 (12. november 2021). «Disse kjendisene blir å se i «Fangene på fortet»: - Skummelt og vått». TV 2 (på norsk). Henta 22. november 2021. 
  10. «Unspoken - Single av Raylee». Apple Music (på svensk). Henta 16. november 2020.