Rayman 2: The Great Escape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rayman 2: The Great Escape

Utviklar(ar)Ubisoft Montpellier/ Ubisoft
Utgjevar(ar)Ubisoft
DistributørSteam, GOG.com, Nintendo eShop, PlayStation Store, App Store
Design(ar)Michel Ancel
ForfattarDavid Neiss
SerieRayman
SpelmotorRenderWare
Plattform(er)Dreamcast, Nintendo 64, PlayStation, PlayStation 2, Windows, Nintendo DS, Nintendo 3DS
UtgjevingEU: 29. oktober 1999
NA: 31. oktober 1999
SjangerPlattformspel
SpelemodusEnkeltspelar
Del av serien Rayman-serien
←Rayman  · Rayman 3: Hoodlum Havoc→

Rayman 2: The Great Escape er eit plattformspel som er utvikla av Ubisoft. Det vart utgjeve fyrste gongen den 29. oktober 1999 i Europa på Nintendo 64 og Windows. Spelet er det andre i Rayman-serien og er utvikla for spelkonsollane Nintendo 64, PC, Dreamcast og PlayStation. Seinare var spelet tilpassa andre format og gjeve ut på PlayStation 2, Game Boy Color, Nintendo DS, iPhone/iPod Touch og Nintendo 3DS.

Spelmekanikkar[endre | endre wikiteksten]

Rayman 2 skil seg frå føregangaren Rayman ved at spelet er tredimensjonalt. Rayman startar spelet med få evner, men etter kvart som spelaren samlar ulike gjenstandar kan ein kjøpe betre krefter med dei.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Spelet går føre seg i verda The Glade of Dreams, der ein gjeng robotpiratar som er leia av Admiral Razorbeard har øydelagt The Heart of the World og invaderer denne verda. Sidan The Heart of the World er øydelagt, blir alle krefter svekka - mellom anna Raymans krefter, som gjer at han blir tatt til fange av robotpiratane.

Seinare blir venen til Rayman, Globox, bortført han òg. Dei hamnar i same celle og Globox gir Rayman kreftene hans tilbake med ein sølv lum han har fått frå Ly, ein fe. Rayman og Globox klarar å rømme, men blir fråskilde undervegs. Rayman finn ut at for å ha ein sjanse mot piratane, må han finne fire, magiske masker som vil vekkje Polokus, verdas ande. For å finne desse besøkjer han fleire stadar i The Glade of Dreams, med hjelp av the Hall of Doors, ein plass med portalar til ulike stadar i verda. Denne staden er styrt av Teensies.

Når Rayman har funne dei fire maskene og vekt opp Polokus, gjer har kort prosess for piratane på land. Men i lufta, der han ikkje har noko kraft, blir Rayman nøydd til å bruke piratanes Prison Ship, som flyr i lufta. Her har Admiral Razorbeard ein robot, The Grolgoth. Rayman må vinne over roboten, men når han har gjort det, rømmer Razorbeard med ein rømmningskapsel. Skipet eksploderer og det blir trudd at Rayman er daud, men under gravferda viser Rayman seg igjen med ei krykke.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i utviklinga av Rayman 2, var det eit 2D spel for PlayStation og Sega Saturn. Dette blei seinare vraka for 3D-spelet Rayman 2, men bilete av 2D-versjonen, concept art (ein grøn skurk med ei motorsag) og krefter i spelet blei publisert i spelmagasiner som EGM. Ein etappe av denne betaversjonen var opplåsbare i PlayStation-versjonen av Rayman 2.

Omtalar[endre | endre wikiteksten]

Både kritikkare og fans har gitt generelt god kritikk på spelet og i 2000 mottok spelet IGN's Dreamcast Game. Omtalane for Rayman DS var meir blanda.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]