Raymond Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Raymond Johansen
Raymond Johansen.jpg
Fødd 14. februar 1961
Parti Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti
Raymond Johansen

Raymond Johansen (fødd 14. februar 1961) er ein norsk politikar, fødd i Oslo, og partisekretær for Arbeidarpartiet. Før han på landsmøtet i Arbeidarpartiet 21. april 2009 vart vald til ny partisekretær etter Martin Kolberg, arbeidde han som statssekretær i Utanriksdepartementet. Han hadde også same funksjon i regjeringa Stoltenberg I, frå våren 2000 til oktober 2001. Etter valnederlaget til Arbeidarpartiet ved stortingsvalet i 2001 leidde Johansen det interne utvalet som studerte valnederlaget og føreslo tiltak for å gjenreise tilliten til partiet. Han var i mellomtida generalsekretær i Flyktninghjelpen 2002–2005.

Johansen var tidlegare medlem av Sosialistisk Venstreparti (SV), og har mellom anna vore leiar i Sosialistisk Ungdom frå 1986 til 1988, dvs. mellom leiarperiodane til Kristin Halvorsen og Paul Chaffey og i Oslo SV i perioden 1990–91. Før han vart politikar, var han både røyrleggjarlærling, lastebilsjåfør og pleieassistent.[1] Johansen er utdanna røyrleggjar, og var med som fagmann i hjelpearbeidet til Røde Kors etter jordskjelvet i Armenia i 1989.

Johansen var ein av tre SV-byrådar i det samarbeidsbyrådet som Rune Gerhardsen leidde i Oslo frå 30. september 1992 til 25. oktober 1995, og var då byråd for miljø og samferdsle. Under folkeavstemminga om EU i 1994 markerte byrådane Raymond Johansen og Terje Kalheim seg som EU-tilhengjarar. Etter kommune- og fylkestingsvalet i 1995, melde dei begge overgang til Arbeidarpartiet.[2]

Raymond Johansen (2015)

Som statssekretær arbeidde Johansen med internasjonale (ikkje-europeiske) spørsmål, ikkje minst med fredsarbeidet i Palestina, Sudan, Eritrea, og Afrika elles. Frå 1996 til 2000 var Johansen avdelingsdirektør i NORAD. Fredsarbeid og utviklingsspørsmål er dei fremste interessefelta til Johansen i utanrikspolitikken, og i eigenskapen som statssekretær overlappa ansvarsområdet hans delvis fagfeltet til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Johansen og heile familien hans er Vålerenga-supporterar. I slutten av juli 2007 tok Raymond Johansen over som leiar for elitestyret i Vålerenga Fotball etter Espen Musæus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hvem er hvem?, s. 291
  2. «Raymond Johansen» på Dagsavisen.no.