Raytheon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Raytheon Company er eit stort amerikansk industriføretak i forsvarsbransjen. Hovudområda er utvikling og produksjon av forsvarsmateriell og sivil elektronikk. Fram til 2007 var dei involvert i flyproduksjon. Raytheon er den største produsenten i verda av styrte missil.[1]

Selskapet vart etablert i 1922 og vart eit aksjeselskap i 1928. Det noverande namnet vart teken i bruk i 1959. Selskapet har rundt 73 000 tilsette rundt i verda og årleg omsetnad på rundt USD 20 milliardar. Meir enn 90 % av omsetnaden kom frå forsvarskontraktar, og i 2007 var dei verdas femte største forsvarsføretak, og er fjerde størst i USA etter omsetnad (etter Lockheed Martin, Boeing og Northrop Grumman).[2]

Hovudkvarteret til føretaket vart flytt frå Lexington i Massachusetts til Waltham i Massachusetts 27. oktober 2003.[3] Dei hadde òg hovudkvarteret sitt i Waltham mellom 1941 og 1961, før dei flytta til Lexington.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Raytheon-missil på messa

Missil[endre | endre wikiteksten]

Kjende missil frå selskapet:

  • AGM-65 Maverick
  • AGM-88 HARM
  • AGM-129 ACM (Advanced Cruise Missile)
  • AGM-154 Joint Standoff Weapon
  • AIM-7 Sparrow
  • AIM-9 Sidewinder
  • AIM-120 AMRAAM
  • BGM-109 Tomahawk
  • MIM-23 Hawk
  • MIM-104 Patriot
  • RIM-7 Sea Sparrow
  • RIM-162 ESSM

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arkivert 11. februar 2012 på Wayback Machine.
  2. «Defense News Top 100». 2007. 
  3. Arkivert 12. oktober 2008 på Wayback Machine.