Re'im

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°23′9.95″N 34°27′37.07″E
Re'im
רֵעִים
kibbutz
Namneopphav: Vener
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°23′9.95″N 34°27′37.07″E
Folketal 354 (2007)
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av speidarar og tidlegare Palmach-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.reim.org.il

Re'im (hebraisk skrift רֵעִים, tyder Vener) er ein sekulær kibbutz sør i Israel, og ein av landsbyane nær Gazastripa. Han ligg ved samløpet mellom Besor- og Gerarelva nordvest i Negevørkenen og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2007 var folketalet 354.

Re'im vart grunnlagd i 1949 av speidarar som var demobiliserte frå Palmach. Kibbutzen hadde fleire namn før han fekk det noverande namnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd i 1949 var tidlegare Palmach-medlemmar med det provisoriske namnet HaTzofim Vav (tyder Speidarar F).[1] Han vart så kalla Tel Re'im (hebraisk skrift תל רעים, tyder Venerhøgda) etter ei arabisk omsetjing av den nærliggande arkeologiske staden Tell Jemmeh. Han vart til slutt kalla Re'im til minne om medlemmar av Gar'in som vart drepen i den arabisk-israelske krigen i 1948.[2] Namnet, som tyder 'vener', vart henta frå Salomos ordtak (18:24) for å symbolisere dei.[3]

Kibbutzen vart planlagt av arkitekten Hanan Habaron, som var med å grunnleggje kubbutzen og var medlem fram til han døydde i 2002. Det israelske forsvaret (IDF) har ein base nær kibbutzen. Før Israel trekte seg ut frå Gaza i 205, vart basen nytta som leir for å evakuere soldatar. Etter uttrekkinga vart Re'im eit mål for Qassam-rakettar avfyrte frå Gazastripa.[4] I 2008 bad IDF-soldatar på den nærliggande basen nær Nahal Oz om at basen skulle flyttast til eit område nær Re'im, utafor rekkjevidda til bombekastarane til Hamas.[5]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Re'im ligg mellom vegane 232 og 234 i Vest-Negev. Ruinane av den gamle Gama (Tell Jemmeh) ligg like vest for kibbutzen. Vest for Re'im ligg kibbutzen Kissufim, og i nord ligg Be'eri.[2] Re'im ligg 50 meter over havet og elva Besor renn gjennom området.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Vilnai, Ze'ev (1980). «Re'im». Ariel Encyclopedia. Volume 8. Tel Aviv i Israel: Am Oved. s. 7607.  (he)
  2. 2,0 2,1 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 584. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  3. HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 887. ISBN 965-448-413-7.  (he)
  4. Branovsky, Yael (29. juli 2006). «Strong home front». nana10. Henta 5. september 2015.  (he)
  5. Harel, Amos (30. november 2008). «IDF soldiers: We tried to no avail to have base nær Nahal Oz relocated». Haaretz. Henta 5. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]