Re sykkelklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Re sykkelklubb er heimehøyrande i Tønsberg kommune i Vestfold. Den 26. mai 2003 vart klubben stifta. Klubben vart starta som ein mosjonistklubb, men fekk tidleg ei gruppe yngre syklistar. Re Sk har arrangert Retempo'n på Bispeveien i mange år. Bispeveien er den flataste tempoløypa i Noreg, og tidlegare Resyklist Iver Knotten har uoffisiell norgesrekord på 30 km tempo. Johan Bakken, Torjus Sleen og Kristian Klevjer starta og karriera i Re Sk.

Rekruttane er namnet på yngreavdelinga. Han vart starta som ei terrenggruppe for barn, men har gradvis vorte aktiv på landevegen. I dag syklar mellom 20 og 30 barn mellom 5 og 14 år aktive ritt for klubben. Terrengtreningane føregår på Bergsåsen, og landevegstreningane startar på Revetal.

Mosjonistane utgjer ryggrada i klubben. Kvar søndag mellom april og juni syklar 30-60 landevegssyklistar ut i frå Revetal.

Re Sk var ein av dei første klubbane i Noreg med oransje drakter. I dag finst det ei rekkje andre klubbar med liknande draktfarger. I 2017 hadde klubben 250 betalande medlemmar, og er med det ein av Vestfolds største og mest aktive sykkelklubbar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]