Ready Steady Who

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ready Steady Who
EP av The Who
Utgjeve 11. november 1966
Innspelt Januar til august 1966
Studio Pye, Olympic og IBC Studios, London
Sjanger Rock
Lengd 11:05
Selskap Reaction
Produsent Kit Lambert, The Who
The Who-kronologi
My Generation
(1965)
Ready Steady Who A Quick One
(1966)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg lenkje

Ready Steady Who er ein 7-tommars EP av The Who, gjeve ut berre i Storbritannia 11. november 1966, kring ein månad før albumet deira A Quick One kom ut. Tittelen syner til eit TV-program kalla Ready Steady Go! som bandet nyleg hadde spelt i, men EP-en inneheld andre songar enn dei som vart spelte på TV.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Plata består av to originale songar av Pete Townshend, i tillegg til coverversjonar av kjenningsmelodien frå Batman og Jan and Dean sin «Bucket T». Dei hadde òg med ein versjon av The Regents sin «Barbara Ann», som var meir kjend i ein versjon av The Beach Boys som The Who følgjer tett. Trass i tittelen vart ikkje EP-en spelt inn på Ready Steady Go!, og innspelingane hadde ikkje noko med fjernsynsshowet å gjere.

Alle songane kom ut som bonusspor på CD-utgåva av A Quick One, frå 1995, utanom «Circles», som skil seg frå versjonen på luksusutgåva frå 2002 av My Generation, og kan finnast på Two's Missing.[1]

Den originale EP-en har låtskrivarane av «Batman» oppført som Jan Berry, Don Altfeld (feilstava «Altfield») og Fred Weider. Songen vart i røynda skriven av Neal Hefti. Dette vart retta opp i CD-utgåva av A Quick One frå 1995

The Who spelte inn songen «My Generation» for EP-en, men denne var ikkje med på plata og versjonen kom først ut i 1995 på A Quick One. Hovudskilnaden mellom denne og originalen er at han er kraftig forkorta og endar med ei utgåve av Edward Elgar sin «Land of Hope and Glory».

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

EP-en kom ut 11. november 1966 i Storbritannia og berre i mono. Han gjekk til topps på den britiske EP-lista, der plata låg fire veker frå 17. desember 1966[2].

EP-en kom ikkje ut i USA på den tida og songane vart lenge rekna som sjeldne samlarobjekt. Sjølv om songane «Disguises» og «Bucket T» kom ut i 1968 på samlealbumet Magic Bus: The Who on Tour, vart ikkje resten av songane gjevne ut offisielt i USA får luksusutgåva av A Quick One og Two's Missing.

«Bucket 'T'» vart gjeven ut på singel i fleire europeiske land. Han gjorde det særleg bra i Sverrige, der han låg inne på lista i sju veker og gjekk heilt til topps i februar 1967.[3].

Då EP-en kom ut fekk han middels til gode meldingar. I ei seinare melding skreiv AllMusic-skribenten Richie Unterberger at «det var uklårt om dette var ein spøk eller songar som var til overs» og meinte at «kanskje det var litt av begge deler».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelSolovokal Lengd
1. «Disguises»  
3:10
2. «Circles»  Daltrey 2:27
5:37
Side to
# TittelSolovokal Lengd
1. «Batman»  
1:22
2. «Bucket 'T'»  Moon 2:07
3. «Barbara Ann»  
  • Daltrey
  • Townshend
  • Entwistle
  • Moon
1:59
5:28

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ready Steady Who EP - allmusic.com
  2. «Chart position». Henta 20. september 2019. 
  3. «Swedish charts, February 28 1967». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]