Reagens og reaktant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Reagens)
Schweizerreagenset er eit azurblått koparkompleks som ein får ved utfelling av koparhydroksid frå ei koparsulfatløysning, ved å tilsette natriumhydroksid, og så oppløyse det utfelte stoffet i ammoniakk.

Reagensmiddel (eller reagens) er stoff eller blandingar som ein bruker for å gi ein bestemt kjemisk reaksjon, eller for å sjå om ein reaksjon skjer, ofte med mål om å påvisa eit stoff (påvisningsreagens). Reagenset blir ofte oppløyst i væske (reagensløysning), gjerne i reagensrøyr, og kan sjølv vera i væskeform (reagensvæske).

Reaktantar kallar ein dei stoffa som blir forbrukte i reaksjonen. Sjølv om løysingsmiddel og katalysatorar deltek i kjemiske reaksjonar, blir dei vanlegvis ikkje rekna som reaktantar, fordi dei ikkje blir forbrukte.

I organisk kjemi bruker ein både organiske og uorganiske reagens, eller blandingar, for å gi ein bestemt reaksjon eller kjemisk transformasjon. Vanlege reagens har ofte namn etter dei som først beskreiv reaksjonen, som collinsreagens, fehlingreagens, fentonreagens, grignardreagens, millonreagens, schweizerreagens og tollensreagens.

I analytisk kjemi bruker ein analysereagens til påvisning av eit eller fleire stoff (f.eks. ved fargereaksjon), eller til å måle stoffkonsentrasjonen i løysninga (f.eks. ved kolorimetri).

I biokjemi blir reaktantane (f.eks. enzym) ofte kalla substrat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]