Hopp til innhald

Reaktiv last

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kompleks impedans dekomponert i ein Ohmsk motstand og ein reaktiv del .

Reaktiv last eller blindlast er den reaktive delen av ein elektrisk impedans[1][2]. Omgrepet er mest nytta i samband med vekselstraumsystem. Reaktiv impedans kan vera induktiv eller kapasitiv og absorberer ikkje energi. I staden blir energien mellombels lagra i den reaktive delen av impedansen. Elektriske maskinar, som transformatorar og motorar, trekkjer ein straum som er ortogonal med spenninga (faseforskyvd 90° i høve til spenninga), som tener til å bygga opp magnetfelta i maskinane. Den reaktive delen av lastimpedansen absorberer ikkje effekt, men lagrar energi mellombelt fram til spenninga snur; dvs. den reaktive delen vil motta energi i ein halvperiode og avgje han i neste halvperide. I elnettet, der frekvensen er på 50 Hz, varer ein halvperiode 100 ms.

Lastimpedansen kan uttrykkast

der er den reelle delen av impedansen (den Ohmske motstanden), er den imaginære eininga, er talverdien til den reaktive delen (reaktansen) og er fasevinkelen mellom straumen og spenninga.

Når lasta er reaktiv må kjelda (generatoren) tilføra lasta både reell og reaktiv effekt; denne må overførast via kabelen som bind saman generatoren og lasten, noko som fører til eit ekstra effekttap i leiarane. Om straum og spenning er i fase er den reaktive effekta null. Ein freistar difor å redusera fasevinkelen mellom straum og spenning, ved å gjera lasta mest muleg Ohmsk (reell). Indusksjonsmotorar til dømes representerer ein induktiv last, som fører til at det flyt ei reaktiv effekt i leirarane, som i sin tur fører til effekttap. Indusksjonsmotor er svært utbreidde, så for å redusera tapet vert det ofte plassert ei kapasitiv last i parallell med den induktive lasta, for å redusera den reaktive effekten. Energiselskapa kan setta energiprisen til industrien slik at han blir proporsjonal med .

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dorf, R.C. og Svoboda, J.A., Introduction to electric circuits, 5. utg., John Wiley & Sons, 2001.
  2. Hayt, W.H. og Kemmerley, J.E., Engineering circuit analysis, 5. utg., McGrew-Hill.1993.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]