Reaktivt panser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stålkassettar fylte med sprengstoff som ein festar på utsida av vanleg panser.
Georgisk T-72-stridsvogn med reaktivt panser.

Reaktivt panser er stålkassettar fylte med sprengstoff som ein festar på utsida av vanleg panser. Det finst på dei fleste moderne stridsvogner.

Reaktive panser er ein måte til å verne seg mot våpen med hólladning, som ved kontakt med panser lagar ein tynn sveisestråle som brenn seg gjennom vanleg panser. Ved treff i reaktivt panser vert sveisestrålen kutta av sprengstoffet i kassetten med sprengstoff, slik at han ikkje kan trenge gjennom panserstålet med sveisestrålen. Ei slik hending kan sjølvsagt skade personell i nærleiken av panseret som det vert skote mot.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Kontakt-5, eit døme på tredje generasjon reaktivt panser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]