Real Tukken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Real Tukken
Fødd 28. januar 1837
Død

21. desember 1905 (68 år)

Yrke bonde, politikar

Real Torkildsen Tukken (28. januar 183721. desember 1905) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Rødenes i Østfold. Han representerte Venstre.

Tukken var son til ein gardbrukar. Frå 1864 var han gardbrukar på Nordre Opsal, eit gardsbruk som faren åtte. Han var ordførar i Rødenes, samt forlikskommissær og valmann i mange år. Vinteren 1876 gjekk han Sagatun Folkehøyskole.

Tukken var 4. representant frå Smaalenenes amtStortinget 1892-94. Han var medlem av justiskomiteen til mai 1893, sidan av landbrukskomiteen.

Han døydde på garden sin i Rødenes i 1905.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914