Dokusåpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Reality-tv)

Ei dokusåpe eller reality-tv er eit fjernsynsprogramformat som dokumenterer det skal vere røynlege situasjonar, utan noko form for manuskript. Dokusåper har ofte ukjende individ i rollene i staden for profesjonelle skodespelarar. Sjangeren vart prominent tidleg på 1990-talet med Real World og tidleg på 2000-talet med internasjonale suksesseriar som Survivor, Idols og Big Brother. Kjende norske dokusåper er mellom anna Farmen, 71° nord, Jakten på kjærligheten og Luksusfellen.

Dokusåper er ofte ispedd korte intervjusegment der deltakarar reflekterer rundt eller gjev kontekst til hendingane som syner seg på skjermen. Tevlingbaserte dokusåper har typisk ein gradvis eliminasjon av deltakarar, anten av eit dommarpanel eller av sjåarane av programmet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]