Realkonjunkturteori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Realkonjunkturteori (engelsk: Real Business Cycles/RBCs) er ein makroøkonomisk teori/modell formulert hovudsakleg av Robert Lucas Jr., Edward C. Prescott og nordmannen Finn E. Kydland, bygd på ideane til John F. Muth.

Hovudformålet med modellen er å forklare konjunkturar gjennom endringar i realøkonomiske forhold, det vil seie permanente sjokk som for eksempel teknologiske framsteg. Før realkonjunkturteorien meinte dei fleste at konjunkturar kom av mellombelse sjokk i økonomien. I dag er det allment akseptert at iallfall delar av konjunktursvingingane kjem av permanente sjokk.

Nobelprisen[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisen i økonomi vart i 2004 tildelt Kydland og Prescott blant anna på grunn av artikkelen «Time to Build and Aggregate Fluctuations», som var deira hovudbidrag til realkonjunkturteorien.

Modellen[endre | endre wikiteksten]

Dei underliggjande føresetnadene i denne modellen er at det finst representative rasjonelle agentar med rasjonelle forventningar. Modellen er vanlegvis uttrykt gjennom ein intertemporalt optimerande agent (ein person som prøver å maksimere nytte, gjeve skrankar, over tid), og handlingane til denne kan sjåast på som å representere alle agentar, med andre ord heile økonomien. Andre implisitte antakingar inkluderer nøytraliteten til pengar (dette er implisert gjennom dei rasjonelle forventningane). Lucas viste at under produktivitetssjokk, ville det oppstå konjunkturar i denne modellen. Grunnen til dette er at viss produktiviteten til ein agent minkar, vil realinntekta også minke (tenk på dette i ein Robinson Crusoe-kontekst - der den representative agenten beheld heile produksjonen sjølv, eller i ein arbeidsmarknad med fullkommen konkurranse - der arbeidarar blir betalt verdien av den marginale produktiviteten deira). Gjeve intertemporal optimering, vil den representative agenten optimalt velje å utsetje arbeidet til neste periode (og i staden konsumere fritid) sidan han rasjonelt forventar at produktivitetssjokket da vil vera forsvunne og reallønna vil ha stige att. Aggregering impliserer at det negative produktivitetssjokket resulterer i frivillig arbeidsløyse, ein nedgang i økonomisk aktivitet og dermed i BNP.

Dette betyr at hovudkonklusjonen i denne modellen er at konjunkturar er fullstendig i samsvar med effektivitet i ein marknadsøkonomi; rørslene i økonomien er alltid Pareto-effektive. Det finst ikkje noka ufrivillig arbeidsløyse i denne modellen. Vidare vil finanspolitikk og pengepolitikk i økonomien alltid vera nyttelause fordi, for det første, vil alle handlingar utført som eit resultat av ein politikkregel bli perfekt forutsett av agentar med rasjonelle forventningar, og for det andre, med mindre styresmaktene har informasjon som er utilgjengeleg for dei individuelle agentane, kan dei ikkje betre det som blir resultatet av den frie marknaden (og sjølv om styresmaktene har dette, kunne dei rett og slett sleppe fir informasjonen og slik late agentane koma til det Pareto-effektive utfallet).

Kritikk av realkonjunkturteorien[endre | endre wikiteksten]

Den mest sjølvsagte kritikken av teorien er det store talet på sterke føresetnader - f.eks. rasjonelle forventningar og representative agentar (sjølv om analysen vil verke like godt med varemarknader og pengemarknader med fullkommen konkurranse, føresett at det finst marknader for alt - noko som òg er ein stor føresetnad). Sjå dei relevante sidene for kritikk av desse føresetnadene.

Realkonjunkturteori slit òg med konklusjonar som dei fleste synest er urealistiske; nekte for at det finst ufrivillig arbeidsløyse og framheve nøytraliteten ved pengar til og med på kort sikt. Det blir òg argumentert med at produktivitetssjokk ikkje er store nok, og heller ikkje av tilstrekkeleg lengde, til å kunna forklare dei lange resesjonane som ein kan sjå til tider i mesta alle økonomiane rundt omkring i verda.

Ein annan stor kritikk av realkonjunkturmodellar er at pengar ikkje ligg eksplisitt i modellen. Dette er fordi marknader er føresett å alltid klarere og dei er alltid i ein tilstand av Pareto-likevekt. Dette betyr at gjennom resesjonar, er økonomien på sitt optimum gjeve dei gjeldande forholda. Dette betyr òg at prisar og løner er heilt fleksible. Keynesianarar argumenterer for at prisar og løner er delvis faste - og at marknader ikkje alltid klarerer. Mange har prøvd å leggje til ein pengekomponent i realkonjunkturteorien, men det har vore lita semje. Det er generelt stor semje om at pengepolitikk kan påverke økonomien i det minste på kort sikt.