Rebbestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rebbestad er ein matrikkelgard i Ørsta kommune. Han ligg i Follestaddalen, på vestsida av Storelva. Innmarka på garden strekker seg frå Barstadleitet til Bytingsgrova som dannar grense mot Fyldal. Dyrkajorda fordeler seg over ei lang, smal strekning på om lag tre kilometer. Frå Storelva til dal-/bergsida er det berre eit stykke kring tuna det er meir enn 200 m. Den hevdvunne uttalen av gardsnamnet er Rebissta, med trykk på bi. Matrikkelgarden har gardsnummer 23 i Ørsta.

Garden, som låg i eit klyngjetun, var delt i tre bruk fram til 1864. Bruket Likkjesetra, som låg over ein kilometer frå klyngjetunet i retning Fyldal vart busett frå om lag same tid. Etter utskiftinga 1864-67 bygde dei nye bruka hus utanfor klyngjetunet. Fyrst etter ei ny utskifting 1959-61 vart klyngjetunet oppløyst.

Frå gammalt var Storelva byteline mot matrikkelgardane på hi sida av Storelva, både Follestad og Myklebust. Opp gjennom tida tok elva fleire gongar nytt far, noko som førte til at Rebbestad hadde slåttemark også på austsida av Storelva. Med reguleringa av Storelva (Follestadalselva) vart elvelaupet beinka og tilpassa, slik at det vart endeleg slutt på denne ordninga i 1953.

Rebbestad hadde seterhamning i fjelldalen Romedalen. Steinstøylen er den fremste/inste av setrane i dalen, og ligg vel 10 km frå Rebbestad. Denne var i bruk til fram mot 1950. Fram til året 1910 nytta brukarane også den høgtliggjande Vassdalen på nordaustsida av Rebbestadhornet til seterhamn. Dette opphaldet varte i kring åtte dagar, midt i setremundet på Steinstøylen.

Garden fekk køyreveg til Barstad og vidare til Ørstavik kring 1846.

Folketal:[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 15 personar (3 heimar)
  • 1865: 27 personar (5 heimar)
  • 1900: 28 personar (5 heimar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øye, Asbjørn: Follestaddalen i farne dagar, Stend 1983
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900