Rebecca Nedregotten Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rebecca Nedregotten Strand
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. november 1980 (43 år)
Ulstein kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist

Rebecca Nedregotten Strand (fødd 5. november 1980) er ein norsk journalist og tidlegare programleiar i NRK.

Strand er frå Ulsteinvik og byrja arbeida ved kulturavdelinga i NRK Hordaland i 2005. Ho har laga reportasjar for Norge Rundt,[1] dokumentarprogram som Kva er det med Flø? (vist 2011) og Mi affære med Cliff Richard, og dessutan var ho med på produksjonen av Norsk attraksjon med Linda Eide.[2] Ho var programleiar for Åpen himmel-episoden som tok for seg pilegrimsgang til Santiago de Compostela. I 2012 gav ho ut ei bok om Sunnmøre.

Rebecca vart i 2013 kjend som programleiar for langvarige minutt for minutt-program og for Nasjonal Vedkveld og Nasjonal Strikkekveld, med Lise-May Spissøy som produsent. Til Grunnlovsjubileet i Noreg i 2014 bidrog ho til 1814 på 24 timer minutt for minutt. I april 2017 leidde ho Reinflytting minutt for minutt med Ronald Pulk for NRK.[3]

Etter å ha vore programleiar for strekninga Eidsvoll-Voss for Sommertoget sommaren 2017, og serien Kari-Anne på Røst (2017–18), vart det i november 2017 kjent at ho slutta i NRK for å verta informasjonssjef for Dovrefjell nasjonalpark.[4][5] Ho vart stasjonert på Hjerkinn og hadde då nettopp teke ein mastergrad i kulturminneforvalting.[6] I 2021 var ho doktorgradsstudent i informasjonsvitskap og media ved Universitetet i Bergen.[7]

Rebecca Nedregotten Strand er syster av popsongaren Sylvia Strand, som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2010 og fekk femteplass.[8]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Rebecca Nedregotten Strand og June R. Johansen (foto) (2012). 52 opplevingar på Sunnmøre. Skald forlag. 
  • Rebecca Nedregotten Strand (2010). 14 bomturar. Skald forlag. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rebecca Nedregotten Strand, NRK.no, 6. september 2012.
  2. Lene Bjånesøy Engh, Hemmelig forelsket i Cliff Richard i Bergens Tidende den 5. november 2010.
  3. Anne Gro Gaup, NRK gumpi jo gárvvis, fargga johttájit davás[daud lenkje], avvir.no, 6. april 2017.
  4. Kari-Anne på Røst på web.
  5. Slutter i NRK for å spre informasjon om nasjonalparkene i gd.no den 15. november 2017.
  6. Ny medarbeider på Hjerkinn Arkivert 2018-02-28 ved Wayback Machine., nasjonalparkstyre.no.
  7. Rebecca Nedrebotten Stand, prosjektside ved UiB.
  8. Marius Rosbach, - Kvelden blir en kjempefest Arkivert 2021-11-10 ved Wayback Machine. i Sunnmørsposten den 29. mai 2010.