Recep Tayyip Erdoğan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Recep Tayyip Erdoğan
none
Fødd 26. februar 1954 (62 år)
Rize i Tyrkia
Yrke Politikar
1. verv President i Tyrkia
 - periode 2014-
 - føregjengar Abdullah Gül
2. verv Statsminister i Tyrkia
 - periode 2003-2014
 - føregjengar Abdullah Gül
 - etterfylgjar Ahmet Davutoğlu
none

Recep Tayyip Erdoğan (fødd 26. februar 1954) er ein tyrkisk politikar. Han var statsminister i Tyrkia frå 2003 til 2014, og sidan 28. august president i landet. Han leier «Partiet for rettferd og utvikling» (Adalet ve Kalkınma Partisi - AKP), eit parti som omtalar seg sjølv som «islamsk-konservativt».

Erdoğan er fødd i Istanbul. I 1985 var han leiar av Velferdspartiet i byen. Han var borgarmeister i Istanbul frå 1994 til 1998. Velferdspartiet vart forbode i 1998, fordi den påstått islamistiske ideologien til partiet streid mot det strenge skiljet mellom politikk og religion i den tyrkiske grunnlova. Frå mars til juli 1999 sona Recep Erdoğan fire månader av ei ti månaders fengselsstraff han vart idømd for å «oppeldna til religiøst hat».[1]

Erdoğan og hans fløy av Velferdspartiet stifta AKP i 2001. Ved valet 3. november 2002 vart AKP det største partiet med 34,3 % av røystene. Det vann reint fleirtal i parlamentet. Erdoğan var ikkje kandidat ved dette valet, fordi straffedømde ikkje hadde høve til å stilla til val etter grunnlova. Abdullah Gül frå AKP vart mellombels statsminister.[2] Grunnlova vart endra slik at Erdoğan fekk høve til å verta innvald i parlamentet,[1] og 14. mars 2003 tok han over som statsminister.

Erdoğan er gift og har to søner og to døtrer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]