Reconquista
Reconquista (spansk og portugisisk ‘gjenerobring’) er ein nemning på den kristne overtakinga av Den iberiske halvøya frå maurane mellom 718 og 1492.
I 711 invaderte maurane Den iberiske halvøya og sigra i slaget ved Guadalete. I løpet av fem år hadde dei underlagt seg det meste av halvøya, og knuste dei visigotiske kongedøma. Ein større arabarstyrke kom frå Nord-Afrika og erobra òg land nord for Pyreneane. Dei blei stoppa av Karl Martell i slaget ved Poitiers. Det som ofte vert skildra som byrjinga på la reconquista i Spania, er eit mindre slag[1] der visigoteren Pelayo, konge over Asturias seier over ein muslimsk hær ved Covadonga i 718 eller 722. Fyrst i 1085 inntok Alfonso den VI Toledo.[2] Byen blei aldri meir leia av muslimar.
Den portugisiske reconquistaen kulminerte i 1250 då Afonso III erobra Algarve. Han styrte dermed over eit rike som i stor grad svarar til dagens Portugal.
I Spania kulminerte prosessen 2. januar 1492, då Ferdinand og Isabella fordreiv den siste mauriske herskaren, Boabdil av Granada, og sameinte det meste av dagens Spania under styret sitt. Navarra blei ikkje innlemma før i 1512.
Fordrivinga av jødane
[endre | endre wikiteksten]Dei katolske monarkane byrja ein politikk for å oppnå religiøs og nasjonal eining. Sidan 1300-talet hadde jødane i aukande grad opplevd diskriminering og forfølging. Det kristne hatet blei aktivt oppmuntra av fleire pavar, som Klemens VII og Benedikt XIII. Forfølginga blei driven av både vinning og religion.[1] Dei religiøse minoritetane vart forsvarslause og rettslause under inkvisisjonen, og anonyme anklager forvandla Spania til ein totalitær stat. Berre i Sevilla berre blei 700 kjettarar brende på bålet i løpet av sju år. Fleire av dei mest bestialske og sadistiske forfølgjarane av jødane blei seinare offisielle helgenar i den katolske kyrkja, som Vincent Ferrer og Pedro de Arbues.[1]
31. mars 1492 blei Alhambra-dekretet om forvisinga av jødane gjort kjent.[3] Jødane hadde fram til slutten av juli, tre månader, til å forlata landet. Dei hadde forbod mot å ta med seg verdisaker, som gull, sølv, pengar, våpen eller hestar.[3] Av ei befolkning på kanskje 80 000 jødar forlét rundt halvparten av dei landet medan resten konverterte til kristendommen.[1] Mange av dei gjenverande, kjende som conversos eller marranos (spansk for ‘skitne svin’) blei framleis forfølgde av inkvisisjonen som skjulte jødar, noko som fremja ekstreme idear om limpieza de sangra, ‘reint blod’, Ein kunne skaffa seg sertifikat på at ein ikkje hadde «blod» som var «ureina».[1]
Dei fordrivne jødane blei tekne i mot av den osmanske sultanen. Mange slo seg ned i Thessaloniki, der dei danna eit betydeleg sefardisk samfunn. Det bestod fram til holocaust i Hellas under andre verdskrigen.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 6 «Encyclopedia». JAMA 279 (17): 1409. 6. mai 1998. ISSN 0098-7484. doi:10.1001/jama.279.17.1409-jbk0506-6-1. Henta 9. januar 2020.
- ↑ Menocal, María Rosa (31. august 2000). «Visions of al-Andalus». The Literature of Al-Andalus. Cambridge University Press. s. 1–24. ISBN 978-0-521-47159-6. Norsk utgave 2012,
- 1 2 Liss, Peggy (1992): Isabel the Queen, Oxford University Press, s. 298
- Denne artikkelen bygger på «Reconquista» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2026.