Redningsaksjonen ved Hamningberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
RS «Colin Archer»

Redningsaksjonen ved Hamningberg i Aust-Finnmark vart utført av rednningsskøyta «Colin Archer» 20. og 21. mai 1894. Dette var første året den nye redningsskøyta var i drift. Under Lofotfiske var ho stasjonert i Henningsvær og Stamsund. Laurdag 19. mai kom ho til Vardø.

Natt til 20. mai vart det nordaust storm. I Hamningberg låg det 17 fiskeoppkjøpsfartøy i tillegg til mange fiskarar. Hamna er svært utsett for vér ifrå nordaust. Mange av fiskebåtane vart sett på land, men etter kvart vart storm og sjø så ille at det arbeidet stogga opp. På mange av fartøya var det folk ombord. Då det var fare for at dei skulle forlise vart det sendt telegram om hjelp til amtmannen i Vardø. På fartøya som låg i Vardø var det berre skøyteførar Nicolai Anthonisen på RS «Colin Archer» og kaptein Isaksen på dampskipet «Heimdal» som fann det tilrådeleg å legge ut. Dampskipet måtte snu. «Colin Archer» kom til Hamningberg etter tre timar seglas i tjukt snøver og storm. Kring dei oppankra fartøya braut sjøen på 10 – 12 famner.

«Colin Archer» klarte under manøvrering mellom oppkjøpsfartøya å få med seg 22 menneske, 21 mann og ei kvinne. Dei returnerte då til Vardø med dei redda. Under tilbaketuren vart redningsskøyta begreven i ein brotsjø. Godt sjømannskap frå bestmann Nils Olsen redda truleg «Colin Archer» frå forlis. Då dei kom til Vardø med dei redda hadde det kome ny bøn om hjelp frå Hamningberg. Enno var det fleire som måtte ha hjelp ombord i fartøya. «Colin Archer» vende attende til Hamningberg. Vinden hadde spakna noko, men havet var svært opprørt. Denne gongen redda dei 14 menneske. Den 21. mai om formiddagen kom dei attende til Vardø etter om lag 18 timars innsats. Fortøyingane heldt på dei fleste av fartøya i Hamningberg. Men dei vart svært ramponerte. 85 fiskebåtar vart knuste mot stranda.

Denne redningsaksjonen fekk svært mykje å seie for det nystifta Redningsselskapet. «Colin Archer» og dei andre redningsskøytene fekk stor tiltru mellom sjømenn og fiskarar. Kaptein Anthonisen vart heidra. Mellom anna fekk han Kongens fortenestmedalje i sølv av 1.grad. Dei to andre som var mannskap ombord i RS «Colin Archer», bestmann Nils Olsen og matros Hartvig Pedersen fekk Kongens fortenestmedalje i sølv av 2.grad. Av Redningsselskapet fekk føraren 50 kroner i gratiale. Mannskapet fekk 25 kroner kvar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut von Trepka og Toril Grande: Colin Archer, Redningsskøyte nr. 1 Mortensen Forlag 1993