Redningsteneste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kanadisk redningshelikopter i aksjon utanfor kysten av Atlantic City.

Redningsteneste (engelsk search and rescue, forkorta SAR), òg kalla søk og redning, er ei nemning på omgåande innsats frå fleire samvirkepartnarar for å redde menneskje frå død eller skade som følgje av akutt ulukke eller fare.[1]

Søk og redning kan gjennomførast både på land og over hav, og med ulike metodar og framkomstmidlar, slik som helikopter, båt, landbaserte motoriserte framkomstmidldel eller til fots.

Internasjonale overeinskomstar, mellom anna SAR-konvensjonen (International Convention on Maritime Search and Rescue, 1979) og ICAO-konvensjonen (Convention on International Civil Aviation 1944), ligg til grunn for korleis redningstenesta skal fungere internasjonalt.[1]

Redningstenesta i Noreg[1][2][endre | endre wikiteksten]

Norsk Sea King-redningshelikopter frå 330 skvadron under heisoperasjon.
Norsk redningsskøyte som vert nytta til søk og redning til sjøs.

Det offentlege har ei redningsplikt overfor personar i nød i Noreg. Organisering, ansvar og oppgåver for redningstenesta er fastsett i kongeleg resolusjon «Organisasjonsplan for redningstjenesten» av 19. juni 2015.

Redningstenesta er ikkje ein organisasjon, men ei nemning på eit samvirke mellom offentlege, frivillige og private aktørar. Redningstenesta tek hand om ein funksjon som ingen enkeltorganisasjon har kapasitet til å ta hand om sjølv. Kva for aktørar som blir mobiliserte i kvar enkelt søk- og redningsaksjon, avheng av typen hending og kva for ressursar som trengst og er tilgjengelege i området.

Redningstenesta er ei integrert teneste, noko som inneber at ho omfattar alle typar redningsaksjonar knytte til land-, sjø- og luftredning. Verdien og nytteverknaden av redningstenesta strekker seg utover det å redde menneske frå skade og død. Redningstenesta medverkar til tryggleik for folkesetnad og næringsliv og er viktig for næringar som fiskeri og petroleumsverksemd.

Samvirkeprinsippet[endre | endre wikiteksten]

Samvirket er grunnleggjande for redningstenesta. Alle offentlege organ som har kapasitet, informasjon eller kompetanse som er eigna til redningsformål, pliktar å bidra i redningstenesta med tilgjengelege kapasitetar, kompetansar og fullmakter. Samvirkeprinsippet inneber at alle aktørar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke både i det førebuande arbeidet og ved redningsaksjonar. For private aktørar er dette eit samfunnsmessig ansvar, ikkje eit juridisk ansvar.

Koordinering[endre | endre wikiteksten]

Redningstenesta blir administrativt koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet. Leiing og koordinering av redningsaksjonar blir utført av to hovudredningssentralar i Bodø og Sola, og av 13 underliggjande lokale redningssentralar, som utfører verksemda si frå politidistrikta og frå Sysselmannen på Svalbard.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Organisasjonsplan for redningstjenesten - Lovdata», lovdata.no, henta 27. mars 2019 
  2. «Statsbudsjettet Prop. 1 S 4.1 Redningsteneste – vurdering av status og tilstand». Justis- og beredskapsdepartementet.