Redningsvest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teikning av enkel redningsvest med belte.

Redningsvest eller flytevest er eit flyteplagg som blir brukt i samband med aktivitetar ved og på vatn og sjø for å halda personar (eller dyr) flytande dersom dei skulle falla i vatnet. Flyteplagg og -vestar kan ha ulik utforming; dei kan vera små og store, med og utan kragar og belte, laga for å bli blåste opp eller ha faste flyteelement. Det finst òg flytejakker og -drakter.

Historikk og typar[endre | endre wikiteksten]

Enkel, moderne redningsvest på person i robåt ved Homlungen fyr , ein del av kystleia i Oslofjorden, 2014
Rikke Lind, generalsekretær i Redningsselskapet i sjølvoppblåsande redningsvest
Foto: 2012
Redningsvestar om bord i eit yrkesfartøy ved Dei store sjøane i USA
Bruksanvisning for redningsvest på ein gresk båt

Dei første redningsvestane var av kork, reinhår og planta kapok. Den første redningsvesten som kunne blåsast opp med munnen blei kalla Tethys og blei patentert i Noreg i 1898, og i USA i 1903 av Breder Carlsen frå Bodø.

Seinare har sjølv-oppblåsande flytevestar blitt populære. Desse vestane vert blåst automatisk opp i kontakt med vatn ved hjelp av CO2-gass, men kan òg utløysast eller vert opp blåst manuelt. Dei er komfortable å ha på, men gjev ikkje same høge tryggleik for medvitslause personar som konvensjonelle redningsvestar. Desse vestane krev meir vedlikehald, og gasspatronen må bytast etter at dei har vore i kontakt med vatn.

Vestane finst i ei rekkje ulike fargar. Ein vanleg fargen er oransje, men vestar finst òg i limegrønt, som refleksvest, og i andre fargar.

Påbod i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I dag er det påbode å ha flyteplagg til alle om bord i småbåtar i norske farvatn. Sommaren 2011 blei det diskutert om påbodet òg skulle utvidast at alle måtte ha vest på når båten var i fart etter fleire båtulykker med fleire omkomne.

I mars 2015 kom påbodet då Stortinget vedtok at alle ombord i fritidsbåtar i fart måtte bera redningsvest, unntatt fritidsbåter over 8 meter. SV, Høgre og Framstegspartiet gjekk i mot forbodet, medan Miljøpartiet Dei Grøne sikra fleirtal.

Det første påbodet om redningsutstyr i båt stammar truleg frå Jacob Christian Abelsted som på vegner av Rivierhavnens baatforening i Oslo skreiv kappseilingsreglement i 1875: «Enhver Baad må være forsynet med Redningsbøie for hver av Mandskaberne, i Mangel heraf bliver Baaden tilbagevist.»[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Redningsdrakt (overlevingsdrakt), heil overtrekksdrakt som held ein forlist person flytande og varm
  • Livbøye, flytande, ringforma redningsbøye som blir kasta ut til einkvan som er fallen over bord

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leif K. Solberg (19. mars 2011). «Jacob Christian Abelsted (1806-92)». Revierhavnens Baatforening. Henta 10. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Redningsvest