Redondilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Redondilla (spansk «song til runddans», portugisisk òg redondilha) er ei klassisk strofeform i spansk diktekunst. Den består av fire verselinjes trokéar. Ein skil den åttestavige redondilla mayor frå den mindre vanlege seksstavige redondilla menor. Rimskjemaet a–b–a–b kan påvisast å ha vore i bruk frå 1000-talet, skjemaet a–b–b–a frå 1300-talet. Den yngre forma slo gjennom og blir i dag rekna som den eigentlege. Til vanleg har forma omsluttande enderim, sjeldnare assonans.

Redondillaen fekk si blømingstid under Siglo de Oro på 1500- og 1600-talet. På denne tida gjorde Juan de la Cueva, Lope de Vega, Tirso de Molina, Guillen de Castro og Juan Pérez de Montalbán den til ei sjølvstendig strofeform i lyrikk og drama. Forma tapte terreng i Spania under neoklassisismen, men gjorde seg gjeldande i latinamerikanske land under 1600-talet, mellom anna gjennom Juana Inés de la Cruz. I moderne tid er redondillas komen på moten att.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dorothy C. Clark: Redondilla and copla de arte menor. I Hispanic Review bind 9, nr. 4 (1941), s. 489–493