Redpoint

Koordinatar: 57°39′27″N 5°48′14″W / 57.65750°N 5.80389°W / 57.65750; -5.80389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Redpoint
busetnad
Land  Skottland
Fylke Highland
Kart
Redpoint
57°39′08″N 5°46′58″W / 57.6522°N 5.78276°W / 57.6522; -5.78276
Wikimedia Commons: Redpoint

Redpoint (skotsk-gælisk An Rubha Dearg) er ein liten busetnad nordvest i Highland i Skottland. Han har fått namnet sitt frå eit lite nes, Red Point, som ligg sør for staden ved innløpet til Loch Torridon.

Redpoint ligg om lag 15 km sørvest for Gairloch ved enden av vegen B8056. Ein sti går frå vegen til eit utkikkspunkt der ein på klåre dagar kan sjå nesten heile nordaustkysten av Isle of Skye. Vidare nord langs vegen finn ein landsbyane South Erradale, Opinan og Port Henderson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

57°39′27″N 5°48′14″W / 57.65750°N 5.80389°W / 57.65750; -5.80389