Reductio ad absurdum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Reductio ad absurdum (latin for «reduksjon til det absurde»). Uttrykket kan sporast tilbake til gresk ἡ εις άτοπον απαγωγη (hi eis átopon apagogi), «reduksjon til det umogelege», vart ofte nytta av Aristoteles), òg kjend som eit apagogisk argument eller reductio ad impossibile, er ein type logisk argument der ein tenkjer seg ein påstand for argumenteringa si skuld som så medfører til eit absurd resultat, og så tenkjer ein seg at den opphavlege tanken må ha vore vore galen sidan han førte til dette absurde resultatet. Dette er òg kjend som indirekte bevis eller bevis ved kontradiksjon.

I formell logikk vert reductio ad absurdum brukt når ein formell kontradiksjon kan verte utleidd frå ein premiss og medføre at ein kan konkludere med at premissen er usann. Om ein kontradiksjon er utleidd frå eit sett med premissar, viser dette at minst éin premiss er usann, men at andre metodar må nyttast for å avgjere kva for ein.

I filosofi og daglegtale[endre | endre wikiteksten]

Den følgjande samtalen er eit døme på reductio ad absurdum:

A — All tru er av lik validitet og kan derfor ikkje nektast.
B — Om det er korrekt, vil C ha rett i trua si, sjølv om C trur på noko nesten ingen andre trur på, slik som at jorda er flat.
A — Sant.
B — Da kan ei tru nektast.