Reelin' In the Years

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reelin' In the Years
Singel av Steely Dan
frå albumet Can't Buy a Thrill
B-side

Only a Fool Would Say That

Utgjeve Mars 1973
Innspelt August 1972
Studio The Village Recorder i Santa Monica i California
Sjanger Jazzrock
Lengd 4:37
Selskap ABC
Komponist Walter Becker, Donald Fagen
Tekstforfattar Donald Fagen
Låtskrivar(ar) Walter Becker, Donald Fagen
Produsent Gary Katz
Steely Dan-kronologi 
«Do It Again»
(1972)
Reelin' In the Years «Show Biz Kids»
(1973)


You've been telling me you were a genius since you were 17
In all the time I've known you, I still don't know what you mean

Donald Fagen og Walter Becker

«Reelin' In the Years» (stundom «Reeling In the Years») er ein song av jazzrockbandet Steely Dan, gjeven ut som den andre singelen frå albumet deira Can't Buy a Thrill frå 1972. Han nådde 11. plassen på Billboard-lista.[1]

Skriving og framføring[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av Donald Fagen og Walter Becker med Fagen på vokal. I 2009 skildra Rolling Stone songen som «eit godt, tidleg døme på kva som var varemerket til The Dan, ei blanding av eit spottande farvel til ein eks til ein sprettande shuffle-rytme, med ein kvitgloande gitar frå Elliott Randall som tar det heile heim.» I same intervjuet sa Fagen «Det er dumt, men effektivt» og Becker sa «Det er ikkje noko kjekt.»[2]

Gitarsolo[endre | endre wikiteksten]

Gitarsoloen på den originale versjonen vart spelt av studiogitaristen Elliott Randall på første forsøk.[3] Det vart visstnok sagt av Led Zeppelin-gitaristen Jimmy Page å vere favorittsoloen hans gjennom tidene,[4][5] og gav han scoren 12 av 10.[6] Soloen er rangert som den 40. beste gitarsoloen gjennom tidene av lesarane i magasinet Guitar World.[7] I mars 2005 plasserte magasinet Q songen på 95. plassen på lista si over dei 100 beste gitarsoloane gjennom tidene.

Den fire kanalars kvadrofoniske miksen av songen har meir sologitar som ein ikkje kan høyre på den vanlege stereoversjonen.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Australia KMR 62
Canada RPM[8] 15
U.S. Billboard Hot 100 11
U.S. Cashbox Top 100[9] 7

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Passering
Canada[10] 90
U.S. Billboard Hot 100[11] 68
U.S. Cash Box Top 100[12] 87

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]