Reformasjonen i Danmark-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reformasjonen i Danmark-Noreg fann offisielt stad i 1536, då den statlege religionen i Danmark-Noreg gjekk over frå katolisismen til protestantismen. Etter fleire års borgarkrig oppnådde Kristian 3. å innføra ei luthersk statskyrkje med seg sjølv som øvste autoriteten.

Reformasjonen kom uforberedt på Noreg. Næringslivet var lite utvikla og norsk borgarskap fanst ikkje. I samband med innføringa av Luthers lære blei Noreg gjort til eit lydrike, ein provins, av Danmark og mista siste rest av sjølvstende. Kulturelt var reformasjonen på mange måtar eit tap, særs for det norske språket.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den lutherske propagandaen nådde Danmark på 1520-talet. På grunn av misnøya med den katolske kyrkja si «pengeutpressing», fekk den lutherske retninga god grobotn. Lutheranane hadde ofte folkeleg bakgrunn, noko som gjorde at forkynninga deira fekk stort gjennomslag hos vanlege folk. Men det var ikkje berre trua som gjorde at reformasjonen blei innført i Danmark. Politiske og økonomiske årsaker var ein viktig årsak til innføringa av reformasjonen.

Kristian 2. (1513-1523) var den siste av dei danske kongane som forsøkte å samla dei tre skandinaviske rika. Han blei oppfatta som ein trussel mot adelen fordi han støtta seg til borgarskapet og fremma deira interesser. Kongane etter Kristian 2. var derfor adelens menn.

Adelen sitt pengebehov auka, og danske adelsmenn var derfor interesserte i å skaffe seg len i Noreg. Leiaren for det norske riksrådet, erkebiskop Olav Engelbrektsson, gjekk sterkt imot dette. Fredrik 1. måtte skrive under på ei handfestning frå det norske riksrådet, der det vart slått fast at berre norske adelsmenn og adelsmenn skulle få len i Noreg. Handfestinga forsøkte også å sikre den katolske kyrkja sin rett i Noreg.

Reformasjonen[endre | endre wikiteksten]

Kristian 3. innførte reformasjonen same året som han blei vald til konge.

Kongen blei vald til øvste leiar av den nye statskyrkja. No blei kyrkjegodset lagt under staten, noko som bidrog til å løyse dei økonomiske problema for Danmark. Reformasjonen var godt førebudd i Danmark gjennom den lutherske propagandaen, og møtte derfor ikkje så mykje motstand.

Reformasjonen i Noreg var annleis. Den lutherske læra, som blei innført av hæren i 1537, var ikkje godt kjend. Den norske erkebiskopen Olav Engelbrektsson prøvde å forsvare den katolske kyrkja i Noreg. Han sette i gang eit opprør i Noreg for å verne den katolske kyrkja, men dette blei mislykka.

Resultat av reformasjonen[endre | endre wikiteksten]

I Kristian 3. si handsfestning frå 1536 blei det slått fast at Noreg ikkje lenger var eit rike for seg sjølv, men ein del av Danmark. Dette sikra danske adelsmenn tilgang til norske len, og det letta gjennomføringa av reformasjonen i Noreg. Den danske kongen overtok jorda til kyrkja, noko som auka inntektene til kongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Å lykkes med eldre historie, Kristin Fossum Havnelid
  • Historie 1, Libæk, Stenersen, Sveen og Aastad