Reformasjonen i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Cranmer (1489–1556) var erkebiskopen av Canterbury og hovudforfattaren av den første og andre Book of Common Prayer.

Reformasjonen i England var ei rekkje hendingar i England på 1500-talet som enda med at den engelske kyrkja blei riven laus frå den katolske kyrkja og pavestyret og i staden blei ei reformet anglikansk kyrkje.

Den engelske revolusjonen var ei religiøs omvelting som kom samstundes med reformasjonen i andre delar av Europa, men var likevel svært forskjellig i karakter og opphav.

Han var først og fremst ei politisk og mindre ei teologisk omvelting. Reformasjonen hadde bakgrunn i kong Henrik VIII sitt sterke ønskje om å få paven til å erklæra ekteskapet hans med Katarina av Aragon som ugyldig. Den politiske usemja mellom England og Vatikanet lét teologiske skilnader veksa.[1] Fram til brotet med Roma råda paven og dei katolske kyrkjeråda over doktrine og kanonisk rett. Kyrkjeskatten blei betalt til Roma, og paven hadde siste ordet når det gjaldt utnemning av biskopar.

Ei rad lover vedtekne i parlamentet mellom 1532 og 1534 braut banda til Roma. «Act of Supremacy» frå 1534 erklærte kong Henrik som «overhovudet på jorda for den engelske kyrkja.[2] Autoriteten til å ta avgjerder knytt til doktrine, kyrkjerett og utnemning av biskopar låg no hjå monarken, og pavestaten blei fråteken kyrkjelege eigedommar og inntekter. Frå 1536 oppløyste kongen alle kloster i landet og tok over eigedommane deira.

Då den unge sonen til Henrik, Edvard VI, kom på trona blei både teologien og liturgien i den engelske kyrkja markant meir protestantisk. Erkebiskop Thomas Cranmer la i stor grad føringa for desse endringane.

Den katolske halvsystera hans, dronning Maria I, tok opp att banda med Roma og gav avkall på tittelen som overhovud. Då halvsystera hennar att, Elisabet I, kom på trona gjeninnførte ho protestantismen på meir moderat vis.

Reformasjonen var til tider særs valdeleg og brutal. Motsetningane i det britiske samfunnet førte til Den engelske borgarkrigen i 1642, men også Tudor-erobringa av Irland og Jakobittopprøra i Skottland. Den valdelege konflikten enda med «Den ærerike revolusjonen» i 1688 då den siste katolske monarken av England, Jakob II, blei avsett og Maria II og Vilhelm III blei innsette som sam-monarkar. Den engelske kyrkja blei ei stabil statskyrkje med fleire andre protestantiske «nonkonformistar» og katolikkar i ei veikare stilling. Katolisismen blei først tolerert i England att på 1800-talet, men ein katolikk kan framleis ikkje vera engelsk monark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jf. «The Reformation must not be confused with the changes introduced into the Church of England during the 'Reformation Parliament' of 1529–36, which were of a political rather than a religious nature, designed to unite the secular and religious sources of authority within a single sovereign power: the Anglican Church did not until later make any substantial change in doctrine.» Roger Scruton, A Dictionary of Political Thought (Macmillan, 1996), p. 470.
  2. «Supreme Head on earth of the Church of England». Bray Gerald (red.) '´Documents of the English Reformation James Clarke & C° Cambridge p. 115