Reformasjonen i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg reformasjonen og reformasjonen i Danmark-Noreg
Christian III, Noregs første protestantiske konge.

Reformasjonen i Noreg var Noreg sitt brot med den romersk-katolske kyrkja i 1536-1537. Reformasjonen vart innført i Noreg samstundes som landet vart eit lydrike under Danmark. I Noreg fanst det ingen folkelege lutherske rørsler, slik som i Danmark og Sverige. Den protestantiske kongen Christian III kunne innføra reformasjonen i Danmark etter sin siger i den dansken tronstriden Grevefeiden, og dermed måtte Noreg følgja etter. Reformasjonen er vanlegvis rekna som slutten på mellomalderen i Noreg.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Reformasjonen i Europa[endre | endre wikiteksten]

Reformasjonen er eit av dei store vendepunkta i europeisk historie, og førte til at den vestlege kristne verda vart delt i to; den katolske og den protestantiske. Martin Luther, som slo opp dei 95 tesene om avlatshandelenWittenberg kyrkje i 1517, stod i ein lang tradisjon av kritikk mot kyrkja. Det hadde allereie vore fleire reformatorar i Europa, til dømes John Wyclif og Jan Hus. Suksessen til Luther kom likevel i stor grad det at han ville gje dei verdslege fyrstane styresmakt over kyrkja, religionsutøvinga og kyrkjeleg eigedom. Dette var freistande for mange av dei europeiske kongane. I fleire land, òg i Noreg, hadde det gjennom heile mellomalderen føregått ein kamp mellom kongemakta og presteskapet om kven som skulle ha kontroll over kyrkja. Eit kjent døme er kong Sverre Sigurdssons konflikt med erkebiskop Eirik Ivarsson, som førte til at Sverre vart bannlyst i 1198. Ønska til dei europeiske kongane om makt over kyrkja er likevel ikkje den einaste forklaringa på gjennomslaget til reformasjonen; det var òg ei brei folkeleg rørsle i mange land. I Noreg var det, truleg på grunn av den avsidesliggande geografiske plasseringa til landet, ingen slike rørsler eller eller folk som kjempa for reformasjon.[1]

Den katolske kyrkja i Noreg[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av 1500-talet var kyrkja den største organisasjonen i Noreg, og bestod av elleve bispedømme; fem på fastlandet og seks på øyene i vest (Orknøyene, Færøyene, Shetland, Grønland og Island). Kyrkja var òg den største jordeigaren i Noreg, og åtte nesten halvparten av alle eigedomane i landet. Den største kyrkjefesten var olsok, og Nidaros var ein viktig valfartsstad for pilegrimar frå heile Europa. I 1380 døydde den siste kongen av den gamle norske kongeslekta, Håkon VI Magnusson, og kongen over Noreg var etter det busett i København. Utan ein eigen norsk konge vart kyrkja òg den viktigaste politiske institusjonen i landet. Erkebiskopen i Nidaros var i tillegg leiar av det norske riksrådet.[2]

Reformasjonen vert innført i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Riksrådet og erkebiskopen[endre | endre wikiteksten]

Seglet til Olav Engelbrektsson. Erkebiskopen var den fremste motstandaren av innføringa av reformasjonen i Noreg.

Den siste norske erkebiskopen og formann i riksrådet, Olav Engelbrektsson, var den mektigaste mannen i Noreg. Han innkalla til det siste norske riksrådmøtet, ved Bud i Fræna, hausten 1533. Her diskuterte riksrådet kongevalet. Danmark og Noreg var i mellomalderen valkongedømme, noko som tyder at kongen måtte veljast av riksrådet. Kong Frederik I var død, og i Danmark gjekk Grevefeiden føre seg. Dette var ein konflikt om kven som skulle verte dansk konge: Den eldste sonen til Frederik, Christian (seinare kong Christian III) eller yngstesonen Hans. Christian var lutheranar, og dei danske prestane ville difor heller ha den mindreårige Hans som konge. Konflikten gjorde at kongevalet i Danmark vart utsett, og i Noreg vart Olav Engelbrektsson og resten av riksrådet òg samde om at dei ville utsetja kongevalet til dei såg kva som hende i Danmark. Christian gjekk av med sigeren, og erkebiskopen tok opp kampen for norsk sjølvstende. Olav Engelbrektsson hadde vore gjennom ein langvarig konflikt med lensherrane, blant anna Vincens Lunge, og erkebiskopen levde no farleg. Han håpte på hjelp frå den katolske Karl V av Det tysk-romerske riket, men støtta kom aldri, og Olav måtte rømma landet.[3]

1. april 1537 flykta erkebiskop Olav Engelbrektsson ut Trondheimsfjorden, og etterlét St. Olavs skrin på Steinvikholm. Fleire år med tronstrid i Danmark-Noreg kombinert med allmenne europeiske religionsbrytingar, hadde drege erkebiskopen inn i ein maktkamp han til slutt hadde tapt. Ferda til erkebiskopen frå Nidaros markerte difor slutten for den katolske kyrkja i Noreg. Olav Engelbrektsson var likevel ikkje ferdig med sitt politiske spel. Som siste kjende gjerning på norsk jord gjekk erkebiskopen og hans menn i land på Austrått på Ørland. Her plyndra dei herregarden til adelskvinna Ingerd Ottesdatter, svigermor til Vincens Lunge og ei kvinne som i åra fram mot reformasjonen hadde framstått som ein av dei fremste motstandarane til erkebiskopen. Denne mektige kvinna og hennar rolle i det politiske spelet i reformasjonsåra er utgangspunktet for Reformasjonsprosjektet – Austrått 1537, som vert arrangert i regi av Ørland Kultursenter på Brekstad i Ørland kommune.[4][5]

Reformasjonen vert innført[endre | endre wikiteksten]

Det første dansk-språklege bibelen frå 1550, med Christian IIIs våpen med Noregs løve i andre felta til hovudskjoldet.

Kong Christian III vart vald til norsk konge hausten 1536. I handfestinga hans står det om den nye kyrkjeordninga:[1]

Bispene som her uti riket er, [har] til denne dag … stått imot Guds ord og evangelium, og forhindret det, at det er blitt prediket klart for den menige allmue … Og etterdi at biskopene nå er avsatt og fjernet, så vil dog behov gjøres at det tilsettes noen meget vise og lærde menn som skulle kontrollere at alle sokneprester over hele riket prediker og lærer det menige folket Guds ord og evangelium.

Med Christian III som konge vart både det norske indre sjølvstyret; riksrådet, og den katolske kyrkja avskaffa. Kongen konfiskerte godset til kyrkja - kyrkjene og verdiane der - medan helgenbilete, arkiv og bøker vart øydelagt (ikonoklasme). Dei som forkynte katolsk lære risikerte å verte forfølgde og utsette for hets og strenge straffer som pisking og brenning.[2]

Etter reformasjonen[endre | endre wikiteksten]

Emblem for Jesuittordenen, katolsk orden grunnlagt i 1534 av Ignatius av Loyola og stadfest av paven i 1540. Fleire av nordmennene som ynskte ein motreformasjon var jesuittar.

Blant folk flest tok det likevel lang tid før den nye trua sokk inn. Folk reagerte med motvilje over å tvingast til å slutta med sit vande religiøse liv. I opptil 200 år etter innføringa av reformasjonen heldt folk fram med å tilbe helgenar, og i mange år fanst det ei katolsk «undergrunnskyrkje» av både prestar og lekfolk. Fleire unge norske menn drog til universitet i katolske land, særleg til jesuittane, og blant desse vart fleire lutherske prestar som var katolikkar i løyndom. Eit døme er Christoffer Hjort, som vart landsforvist i 1613. Jesuittordenen var leiande i motreformasjonen, og òg i Noreg og Norden vart det freista å gjeninnføra katolisismen. Den meste kjende jesuitten i Noreg er Laurids Nielsen frå Tønsberg, populært kalla «Kloster-Lasse». Han òg vart landsforvist. I 1624 vart det innført dødsstraff for katolske munkar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Norgeshistorie.no, Erling Sandmo, «Reformasjon og statskirke» Henta 2. desember 2016
  2. 2,0 2,1 2,2 Norgeshistorie.no, Øystein Rian. Katolisismen i Norge på 1500-tallet. Henta 2. desember 2016
  3. Norgeshistorie.no, Hans Jacob Orning. Et regime foran undergangen Henta 2. des. 2016
  4. Reformasjonsprosjektet – Austrått 1537, arkivert frå originalen 1. september 2011, henta 1. september 2011 
  5. Ørland Kultursenter

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]