Reformasjonen i Skottland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statue av John Knox, leiar av den skotske reformasjonen

Reformasjonen i Skottland var det formelle brotet mellom kongedømet Skottland og paven i 1560, og hendingane knytte til dette. Han var ein del av den europeiske reformasjonen, og i Skottland førte dette fram til ein presbyteriansk protestantisme og blei eit politisk verkemiddel der England sigra over den franske politiske innverknaden i landet.

Det skotske parlamentet i 1560, som gjennom vedtaket om å bryta med paven, la ned forbod mot å halda katolske messar og vedtok dei nye vedkjenningsskriftene, la slik også grunnen for eit brot med det franske politiske hegemoniet i Skottland. I forkant av dette hadde Skottland vore styrt av Maria av Guise på vegner av dottera si Maria I (som då også var dronning av Frankrike).

Reformasjonen i Skottland skapte òg Den skotske kyrkja, og gjennom dette òg andre presbyterianske kyrkjer rundt om i verda.

John Knox var sentral under den skotske reformasjonen. Scots Confession var ei truvedkjenning utforma av Knox og fem kollegaer på fire dagar. I struktur speglar ho Den apostoliske truvedkjenninga. Ho blei brukt av den skotske kyrkja fram til ho blei erstatta av Westminstervedkjenninga etter den engelske borgarkrigen i 1647.[1] Trusvedkjenninga var sterkt kalvinistisk. Ho la vekt på det uforklarlege forsynet til Gud, som hadde fastlagt allting. Menneskja var syndefulle og fortente uendeleg fordømming, men ein del av dei var valde ut for frelse gjennom Guds nåde.[2] Vedkjenninga fornekta transsubstansiasjon, men heldt på ein realpresens av Kristus i nattverden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. J. Rogers, Presbyterian Creeds: A Guide to the Book of Confessions (Westminster: John Knox Press, 1985), ISBN 0-664-25496-9, pp. 79–80.
  2. Brown 2012, s. 80.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur