Reformjødedom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I typisk tysk-amerikansk reformjødedom blir bønene gjerne sagde på det lokale hovudspråket og kvinner og menn har dei same rollene i religiøs praksis.

Reformjødedomen ser den jødiske tradisjonen i lys av historia og vil tilpasse han til samtida. Han er den største av dei jødiske retningane i USA med 1,3 millionar medlemmer, men i Israel står dei svært svakt. Mellom anna får rabbinarane deira ikkje lov til å vie ektepar der.

Ein grunn til denne svake stillinga kan vere at reformjødar i eksil har vist mindre interesse enn andre og meir konservative retningar til å gjere alijá (innvandre til Israel).

Ein har eit meir liberalt syn på kvinner. Til dømes kan kvinner vere rabbinarar og kan sitte saman med menn i synagogen.

Dei ser det heller ikkje som nødvendig å halde gudstjenesten på hebraisk.

Få reformjødar held jødiske spiselover (kasjrút) strengt, men det er mange som held dei til en viss grad.

Reformjødane godtek som jødar personar som har anten jødisk far eller jødisk mor, i motsetnad til dei ortodokse jødane som ikkje godtek personar med ikkje-jødisk mor som jødiske anna enn ved konvertering. Dei tilbyr også relativt lettvint konvertering til jødedomen. Dette fører til sterk ueinigheit mellom reformjødane og dei ortodokse om kven som er jødar.

1800-talet var reformjødedommen svært kritisk til tradisjonell jødedom. Men dei seinare tiåra er jødiske ritual og symbol komne tilbake, slik som bruk av kippá (jødisk hovudplagg). Også utanfor synagogane er det auka interesse for jødisk religion, historie og kultur.

To ulike retningar reformjødedom[endre | endre wikiteksten]

«Israelitischer Tempel Poolstraße» i Hamburg.
Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.