Reformpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg: Reformpartiet (fleirtyding), for andre parti med dette namnet.

Reformpartiet er eit protestparti mot bompengar som vart tufta den 12. oktober 2004Nøtterøy Menighetshus. Partiet har òg fokusert sterkt på å betra samferdsletilbodet i Vestfold gjennom utbygging av E18 til fire felt og dobbeltspor på jernbana gjennom fylket. Partiet rakk å samla dei naudsynte 5000 støtteunderskrifter innan årsskiftet, og rakk innan fristen for stortingsvalet 2005, å stilla lister i 6 fylke: Vestfold, Rogaland, Møre og Romsdal, Oppland, Østfold og Akershus. Partiets slagord for stortingsvalet 2005 var "Norge uten bommer! Reformpartiet - mot velgerforakt og maktmisbruk!". Reformpartiet har, som det einaste av partia som stiller til stortingsvalet, programfesta direkte demokrati ved at det seier at dersom 5 % av veljarane skriv under på krav om folkeavstemming i ei sak, så skal slik avstemming skje og resultatet skal vera bindande for partiet.

Reformpartiet hadde liten suksess ved valet i 2005. Til saman fekk det 727 røyster, over halvparten av desse i Vestfold. Dette utgjorde ei oppslutning på 0,03 % på landsbasis. I dei enkelte fylka der dei stilte fekk dei: