Reg Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reg Presley

Fødd12. juni 1941
FødestadAndover i Hampshire
Død4. februar 2013 (71 år)
DødsstadAndover i Hampshire
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til 2012
Sjangerpop
Instrumentbassgitar, okarina, gitar
Verka somsongar-låtskrivar

Reginald Maurice Ball (12. juni 19414. februar 2013), mest kjend som Reg Presley, var ein engelsk songar og låtskrivar. Han var frontmann i 60-talsbandet The Troggs, som hadde hittar som «Wild Thing» og «With a Girl Like You». Han skreiv songen «Love Is All Around», som vart nytta i filmane Four Weddings and a Funeral og Love Actually.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Presley fekk dette scenenamnet i 1965 av New Musical Express-journalisten Keith Altham.[1] Etter skulen var over vart han murar, og hadde dette yrket fram til «Wild Thing» gjekk inn på UK Singles Chart i 1966.[2] Songen nådde andreplassen i Storbritannia og gjekk heilt til topps i USA, og selde fem millionar eksemplar.[2][3]

Presley skreiv hittane «With a Girl Like You», «I Can't Control Myself» og «Love Is All Around». Wet Wet Wet sin versjon av denne sistnemnde songen i 1994 låg heile 15 veker på toppen av UK Singles Chart. Presley brukte inntektene han fekk for dette til å finansiere forsking på UFOar, tapte sivilisasjonar, alkymi og kornsirklar og publiserte funna sine i boka Wild Things They Don't Tell Us, publisert i oktober 2002.[2][4]

Helseproblem og død[endre | endre wikiteksten]

I desember 2011 vart Presley lagd inn på sjukehus i Winchester i Hampshire, med mistanke om eit hjerneslag. Han hadde òg lungebetennelse og væske kring hjarta. Presley hadde hatt eit stort slag kring eit år tidlegare. Kona hans skal ha byrja å kjenne seg dårleg då han spelte i Tyskland den 3. desember 2011 og vart gradvis verre.[5] Månaden etter vart det annonsert at Presley hadde lungekreft og derfor valde å trekkje seg frå musikkindustrien.[6] Litt over eit år seinare, den 4. februar 2013, døydde Presley av kreft.[7][8] Presley vart kremert ved Basingstoke Crematorium i Hampshire.

Ein blå plakett til minne om han vart avdekt i Andover High Street den 31. juli 2016, og markerte staden der The Troggs brukte å øve.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Musikken til Presley inspirerte Iggy Pop og vart lovprist av Bob Dylan. Kritikaren Lester Bangs kalla The Troggs «punkens gudfedre» og samanlikna Presley med Marcel Proust.[2] Presley var med som ein rollefigur i Steve Erickson-romanen These Dreams of You (2012).[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. BBC obituary
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Reg Presley». www.telegraph.co.uk. 3. april 2018. Henta 3. april 2018. 
  3. https://books.google.com/books?id=PgGqNrqfrsoC&pg=PT213&dq=%22troggs%22+%22wild+thing%22+1966&hl=en&sa=X&ved=0CCUQuwUwAWoVChMIkv37t7v0yAIVCTQ-Ch3kZwQG#v=onepage&q=%22troggs%22%20%22wild%20thing%22%201966&f=false
  4. «Reg Presley's 'Wild Things They Don't Tell Us'». BBC Wiltshire. Henta 3. april 2018. 
  5. «Oldies Music News». 14. desember 2011. Arkivert frå originalen 21. oktober 2018. Henta 3. april 2018. 
  6. «Reg Presley of the Troggs Announces He Has Cancer, Retires from Music». 3. april 2018. Henta 3. april 2018. 
  7. «The Troggs | The Troggs Leader Reg Presley Loses Cancer Battle». Contactmusic.com. Henta 5. februar 2013. 
  8. «Reg Presley of the Troggs dies aged 71». BBC News. 4. februar 2013. Henta 4. februar 2013. 
  9. These Dreams of You, Steve Erickson, p. 160

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]