Regelasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Regelasjon er eit fenomen der eit stoff som minkar i volum når det smeltar, kan bringast til å smelte ved at det blir utsett for trykk og så størkne igjen når trykket opphevast, utan at det samstundes har vore tilført eller avgitt varme.

Fenomenet kjennest mellom anna frå is. Når to isblokker blir hardt pressa saman, vil isen på grenseflata smelte, og når trykket opphøyrer, frys isblokkene saman. Freistar ein å skjære ei isblokk over med ein tynn tråd, vil trykket av tråden få isen til å smelte, men etter kvart som ein skjer seg inn, frys vatnet til på baksida av tråden og blokka er framleis heil etter at tråden har skore seg gjennom. Regelasjon er av tyding ved rørsle av isbrear, idet det verkar som om isen får ein viss plastisitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]