Regensburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regensburg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Regensburg
Regensburg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Oberpfalz
Kreisfri by
Grunnlagd 179
Geografi
Flatevidd
 - By

80,76 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

130 080
  1 611/km²
Koordinatar 49°1′0″N 12°5′0″EKoordinatar: 49°1′0″N 12°5′0″E
Høgd over havet 326-471 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 93001–93059
Telefon-retningsnummer 0941
Bilnummer R
Heimeside: www.regensburg.de

Regensburg er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 130 000 innbyggjarar. Han er administrasjonssete i regionen Oberpfalz der elva Regen munnar ut i Donau. Aust for byen ligg Bayerischer Wald.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første busetnadane i Regensburg oppstod i steinalderen. Det keltiske namnet Radasbona er det eldste namnet gjeve til ein busetnad nær byen. Rundt år 90 e.Kr. bygde romarane ei lita «kohortefestning» i det som i dag er ein av forstadane.

I 179 vart den romerske festninga Castra Regina ('festninga ved elva Regen') bygd for Legio III Italica under keisar Marcus Aurelius.[1] Han var ein viktig leir i det som då var dei nordlegaste områda av riket i det som i dag er gamlebyen i Regensburg. Ein meiner at staden alt i romartida var sete for ein biskop, og St. Boniface nyoppretta Bispedømet Regensburg i 739.

Frå tidleg på 500-talet var Regensburg sete for den regjerande familien Agilolfa og i 843 var Regensburg sete for den austfrankiske herskaren Ludvig den tyske. Frå rundt 530 til 1200-talet var byen hovudstad i Bayern. I 1135-1146 vart det bygd ei bru over Donanu kalla Steinerne Brücke. Steinbrua opna ei internasjonal handelsrute mellom Nord-Europa og Venezia, og dette starta gullalderen til byen og rike kjøpmannsfamiliar heldt til her. Regensburg vart eit kultursenter i Sør-Tyskland og var kjend for det gode arbeidet gullsmedane vevarane gjorde.

I 845 kom fjorten bøhimiske fyrstar til Regensburg for å verte døypte. Dette var starten på kristninga av tsjekkarane, og bispedømet Regensburg vart opphavet til bispedømet i Praha. Dette hadde store innverknad på den kulturelle historia til dei tsjekkiske områda, og vart mellom anna ein del av den romersk-katolske kyrkja og ikkje den slavisk-ortodokse kyrkja.

I 1245 vart Regensburg ein fri keisarby og var eit handelssenter fram til handelsrutene endra seg seint i mellomalderen. På slutten av 1400-talet vart Regensburg ein del av hertugdømet Bayern, men vart gjort sjølvstendig att av den tysk-romerske keisaren i 1496.

Byen tok til seg reformasjonen i 1542 og byrådet vart verande heilt luthersk fram til byen vart ein del av fyrstedømet Regensburg under Karl von Dalberg i 1803. Ein minoritet av innbyggjarane vart verande romersk-katolske, men vart fråtatt byrettane («Bürgerrecht»). Sjølv om byen vart protestantisk var han framleis sete for ein romesk-katolsk biskop og fleire kloster. Tre av dei siste klostera, St. Emmeram, Niedermünster og Obermünster, var eigedomar som høyrte til Det tysk-romerske riket, noko som gjorde at dei fekk delta og stemme ved Reichstag.

Frå 1663 til 1806 vart byen eit permanent sete for Reichstag i Det tysk-romerske riket. Regensburg var derfor ein av hovudbyane i riket og trekte til seg mange vitjande. I 1803 mista byen statusen sin som fri by. Han vart gjeve til erkebispedømet Mainz og erkekanslaren av Det tysk-romerske riket, Karl von Dalberg, i kompensasjon for Mainz, som hadde vorte ein del av Frankrike etter Lunévilletraktaten i 1801. I lag med Aschaffenburg, Wetzlar og (i 1806) Frankfurt am Main, danna Regensburg ein ny stat i riket. Erkebispedømet Mainz vart formelt overført til Regensburg. Dalberg førte saman bispedømet, klostera og sjølve byen og oppretta Fyrstedømet Regensburg (Fürstentum Regensburg). Dalberg gjorde drastiske, moderniserte endringar i det offentlege livet, som å gje protestantar og katolikkar like rettar. I 1810 avstod von Dalberg Regensburg til Kongedømet Bayern, og som kompensasjon fekk han styre byane Fulda og Hanau med tittelen Storhertug av Frankfurt.

Mellom 10. april og 23. april 1809 var Regensburg åstad for slaget ved Regensburg mellom styrkane til Baron de Coutaud og dei tilbaketrekkande austerrikske styrkane. Austerrikarane gjekk etter kvart tom for forsyningar og ammunisjon. Byen vart hardt råka under kampane, og rundt 150 hus brann ned til grunnen.

I motsetnad til dei fleste andre store tyske byar fekk Regensburg få skadar under den andre verdskrigen og klarte i stor grad å bevare bysentrumet sitt frå mellomalderen, som i dag står på UNESCO si verdsarvliste. Den romanske kyrkja i Obermünster, vart derimot totalt øydelagd og aldri bygd opp att. Berre klokketårnet overlevde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Regensburg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Iron Age Braumeisters of the Teutonic Forests, arkivert frå originalen 13. juni 2006, henta 28. juni 2007