Reggie Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reggie Young
Guitarist Reggie Young In Concert @ Back In Memphis Benefit For Myrna Smith, August 12th, 2010, Elvis Week, University of Memphis.JPG
Reggie Young på Concert At The Back In Memphis Benefit for Myrna Smith i 2010
Fødd12. desember 1936 (83 år)
FødestadCaruthersville
Død17. januar 2019
OpphavUSA
Aktiv1954 til i dag
SjangerCountry
Instrumentgitar, sitar
Verka somgitarist

Reggie Young (fødd 12. desember 1936) er ein USA-amerikansk gitarist. Han var sologitarist i American Sound Studios Band (òg kalla The Memphis Boys),[1] og ein mykje nytta studiomusikar.[2] Han spelte på forskjellige innspelingar av artistar som Elvis Presley, B.J. Thomas, John Prine, Dusty Springfield, Herbie Mann, J.J. Cale, Dionne Warwick, Roy Hamilton, Willie Nelson, Waylon Jennings, The Box Tops, Johnny Cash, Jerry Lee Lewis, Merle Haggard og George Strait.

Young voks opp i Memphis og var inspirert av Deltablues. Young lytta mykje til Dewey Phillips sitt radioshow, Red Hot & Blue, der han tok til seg musikken til Ike & Tina Turner og ein ung Elvis Presley. som mange viktige personar innan Southern soul var Young ein kvit ungdom som var tiltrekt av den svarte musikken, og seinare var han med på å skape det gode ryktet til mange av sørstatsstudioa som Goldwax, American og Rick Hall sitt FAME studio i Muscle Shoals i Alabama.[2] Young fekk det første gjennombrotet sitt som gitarist i Eddie Bond and the Stompers då den lokale DJ-en Sleepy Eyed John høyrde musikken deira og bad gruppa spele inn ein song kalla «Rockin' Daddy». Plata vart ein hit på Mercury Records og 20 år gammal var Young brått på turné i lag med Johnny Cash, Carl Perkins og Roy Orbison. Etter turneen flytta Young til Shreveport i Louisiana for den vidare karrieren sin. Han hadde lite eller ingen pengar, men miljøet i Shreveport var sterkt på den tida og Young vart ven med musikarane Jerry Kennedy, D.J. Fontana og Billy Sandford, som alle skulle hjelpe han i 1970-åra då han omsider flytta til Nashville.[2]

Då Young kom attande til Memphis byrja han å spele med den tidlegare Elvis-bassisten Bill Black i The Bill Black Combo. gruppa hadde ein stor instrumental hit med «Smokie», og suksessen deira gjorde at dei fekk turnere med The Beatles. Gjennom midten av 1960-åra spelte han i Royal Studio i Memphis, FAME studios i Muscle Shoals og i New York ved Atlantic Records sine studio, der han la gitar på utgjevingar av Don Covay og Solomon Burke. Young var òg ein del av husbandet til Goldwax Records, og spelte for stjerner som James Carr og O.V. Wright. Det var via Goldwax at Young vart ein del av husbandet til Chips Moman i American Studios i lag med Gene Chrisman på trommer, Bobby Wood og Bobby Emmons på piano og Mike Leech eller Tommy Cogbill på bass.[2]

Mellom 1967 og 1971 spelte Young på heile 120 hitplater spelt inn i American Studios, hovudsakleg med musikarane nemnt over.[2] Husbandet spelte på comebackplatene til Elvis, «Suspicious Minds» og «In the Ghetto», og dei spelte blant andre med Dusty Springfield, Wilson Pickett, Neil Diamond og The Sweet Inspirations. Gitaren til Young var no med på poputgjevingar i det øvste sjiktet og i 1972, etter å ha vore ein nøkkelmusikar i nesten alle dei store studioa i Sørstatane, flytta Young til Nashville i lag med David Briggs og Norbert Putnam ved Quadrophonic Studios.[2] Frå 1972 til 1979 spelte Young på så mange innspelingar at han valte å doble prisen sin i eit forsøk på å kutte ned på studioarbeidet. Seinare, i eit forsøk på å hindre å bli utbrent i studio, vart han med The Highwaymen (Willie Nelson, Kris Kristofferson, Johnny Cash og Waylon Jennings) på turne i EUropa for første gongen sidan han reiste med The Bill Black Combo tidleg i 1960-åra.[2]

Utvalde innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Forever Young: Reggie Young - Premier Guitar». www.premierguitar.com. Henta 25. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «allmusic ((( Reggie Young > Biography )))». allmusic.com. Henta 25. januar 2015. 
  3. «Music». www.jjcale.com. Henta 25. januar 2015.