Regionalt helseføretak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Regionalt helseforetak (RHF) er ei statseigd verksemd etablert ved byrjinga av 2002 med heimel i eiga lov (helseføretakslova av 15. juni 2001) for å ivareta den offentlege spesialisthelseteneste. Dei regionale helseføretaka tok over ansvaret for spesialitshelsetenesta frå fylkeskommunane. Verksemda omfattar all offentleg spesialisthelseteneste i eit geografisk definert område, ein region. Som helsemynde skal dei sørgja for nødvendige spesialisthelsetenester til befolkninga i regionen og som eigar av underliggjande helseføretak skal dei vera ansvarlege for utvikling og drift av tenestetilboda.

Under kvart av dei regionale helseføretaka er det oppretta helseføretak som kan bestå av eitt eller fleire sjukehus. Eit helseføretak (HF) er heileigd av eit RHF. Dei regionale helseføretaka skal leggja til rette for tenesteyting, forsking, undervisning og andre oppgåver som heng naturleg saman med dette.

Det er fire regionale helseføretak i Noreg:

Staten med helseministeren er generalforsamling for det regionale helseføretaket.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

helseforetak «regionalt helseforetak» i Store norske leksikon, snl.no.